Beta
Søket ga 333 treff.

Bergen: Snartur til Vestlands-hovudstaden!\n\nKjapt besøk i Bergen i går for å få innspel til budsjett-jobbinga Venstre og andre parti no driv med på Stortinget – med eit statsbudsjett der Vestlandet og Bergen ser ut til å vere systematisk nedprioritert. Lynkjapp oppsummering av dagen:\n\nUniversitetet i Bergen har fått ein drivande dyktig ny rektor: Margareth Hagen. Eg møtte henne saman med viserektor Gottfried Greve. Vi fekk ein god prat om kor viktig det er for Vestlandet å bygge sterkare kunnskaps-, høgare utdannings og forskingsmiljø – og uroa for at forsking og høgare utdanning blir nedprioritert generelt – og for Vestlandet spesielt. \n\nVi...

Planane for det nye gigant-sjukehuset i Oslo er heilt ute av kurs. Vi får stadig nye døme på at fagfolk, pasientgrupper og pårørande ikkje blir lytta til - og at det ikkje er reell medvirkning i dei enorme planane som no blir rulla ut frå leiinga i Helse Sørøst. No må dette ta slutt: Eg og Oslo Venstre utfordrar no Helseministeren om å gripe inn - ikkje minst for å ta vare på alvorleg sjuke born og unge. \n\n

Vanylven: Sunnmørs-ånda lever i Venstre-styrt kommune! \n\nVanylven – lengst sør på Sunnmøre – er så heldige å ha drivande dyktige Lena Landsverk Sande (V) som ordførar og Venstre som største parti i kommunestyret. For eit par veker sidan besøkte eg Lena, og fekk sjå litt av det som veks og gror i hennar rike.\n\nFørste stopp var bedrifta Sparelys.no på Åheim – ei typisk grunder-historie som syner kva som er mulig i distrikts-Noreg dersom ein ser moglegheitene og tenkjer nytt. I 2005 sidan sleit Petter Morseth og Inge Hasz med å få tak i LED-pærer til eit 12 volts-anlegg på ei...

Tropenes Trump er ute - Brasil er tilbake i verda!\n\nHeilt sidan vi var i Brasil med Næringskomiteen i september og såg på nært hald kva vippepunkt verdas 5. største land - og verdas største regnskog - sto ved, har eg vore nervøs. \n\nMen det gjekk bra - med eit nødsskrik. Bolsanaro sin giftige Trump-miks av kristendom, abortmotstand, forakt mot minoritetar, vaksine- og klimamotstand og ja til avskoging av Amazonas var livsfarleg ikkje berre for Brasil, men for heile verda. \n\nNo er det nytt håp - og Noreg kan spele ei nøkkelrolle på grunn av Amazonasfondet og sterke samarbeidsband med Brasil...

Launching of the new @onenode_no brand in Selje yesterday, made by the incredibly talented fashion designer Julia Kröner Venøy! Great fun, and beautiful clothing for men&women whi dare to stand out 💪🏼🔥

Lansering av one NODE i Selje i går: Les mitt "reisebrev" her!

Venstre er einaste parti som seier klart JA til styrka satsing på fri forsking på neste års statsbudsjett. Eg håper at også SV kjem til same konklusjon før dei skal inn i budsjettforhandlingar med regjeringa. Forskerforum

Nei til «straffeskatt» på framtidas arbeidsplassar!\n\nI statsbudsjettet foreslår regjeringa – heilt ut av det blå - å auke arbeidsgiveravgifta for lønsinntekter over 750 000 kr. Det vil gi små og store bedrifter over heile landet ei ekstrarekning på 7 milliarder.\n\nDenne veka arrangerte Venstre saman med Tekna ei mini-høyring på Stortinget for å få fram kva konsekvensar dette kan få. Vi hadde med oss både store, etablerte bedrifter som Kongsberg Gruppen, og nystarta gründer-bedrifter som Alma Clean Power i Bergen og Smart Innovation Norway i Halden.\n\nTilbakemeldingane var krystallklare: Dette er alvorleg – det vil føre til at arbeidsplassar blir flytta ut...

I går vedtok Stortinget ein «samlepakke» på til saman 28 milliardar kroner for å trappe opp sivil og militær støtte til Ukraina, og få på plass forsterka økonomiske tiltak for å avhjelpe ekstraordinære straumutgifter her heime. Vi i Venstre er glade for at pakken no er på plass – ikkje minst at vi no får på plass meir målretta støtte til hushaldningane med mest pressa økonomi (auka bustøtte og auka utdanningsstipend til studentar).\n\nMen vi er IKKJE nøgde med at regjeringa og deira støtteparti SV kjem så svakt og seint på banen med å hjelpe bedrifter som slit med høge straumutgifter....

Ein flott runde i Stortinget i dag om fleire skulehagar til norske born over heile landet - og honnør til Kunnskapsminister Tonje Brenna for positivt og offensivt svar! Her kan du sjå mitt innlegg frå Stortingets talarstol. \n--\nInterpellasjonsdebatt om skulehagar 27. oktober 2022 – opningsinnlegg av Alfred Bjørlo (Venstre) \n\nPresident,\nsaka eg tar opp i dag, kan ved fyrste augekast virke som ei pølse i slaktetida, for ikkje å seie ein tomat i grønsakhagen, i ei tid med krig, energikrise, klimakrise og pressa økonomi for folk flest. \nMen det er nettopp i tider som dette vi også må tenke dei lange...

Ja til fleire skulehagar! I morgon (torsdag) tar eg opp ei sak eg brenn for til debatt i Stortinget: Kva vi kan gjere for å få rulla ut fleire skulehagar til glede for born og ungdom over heile landet.\n\nFotoet under er frå prosjektet Grøn Integrering på Nordfjordeid i Stad kommune, som Venstre-kollega Abid Raja og eg besøkte tidlegare i år - eit strålande døme på kva som er mulig. \n\nSkal vi ha god matberedskap og sjølvforsyning i Noreg i framtida, må langt fleire enn i dag få lære om og bli vant med å dyrke eigen mat. Fleire skulehagar er...

"Eg er framleis stolt distriktspsykopat. Men på vegne av framtidas grøne bygder, ikkje den grå Sp-bygda av i går." \n\nHer er mitt innlegg i Nettavisen i dag - om Senterpartiets forsøk på å latterleggjere alle som prøver å tenke nytt om framtida for norsk landbruk, norske distrikt og norsk matpolitikk.

Ferdig med fire flotte dagar i Lofoten og Vesterålen: Leknes (Vestvågøy), Svolvær (Vågan), Sortland og Myre (Øksnes). Har møtt små og store bedrifter, hatt ei heidundrande kjekk helg i Svolvær saman med Nordland Venstre og Ingvild Wetrhus Thorsvik– og «tatt pulsen» på stemninga i nord etter Ap/Sp-regjeringa la fram sitt statsbudsjett.\n\nKort oppsummert: Hos alle bedriftene vi besøkte, opplevde vi ei «dirrande fortviling» over at dei som no styrer i Oslo ikkje forstår kysten. Ikkje forstår dynamikken i fiskeri- og havbruksnæringa, og kor blodig urettferdig det er at når ein no omsider faktisk tener penger og bygger opp eigne kapitalmiljø i...

«Endelig har nordlendingen blitt lønnsom og kapitalsterk. Da vil Vedum og Støre helst beholde Nord-Norge som et problem»\n\nEin glitrande tekst om Nord-Noreg og distriktspolitikk frå Venstre-kollega i Nordland Venstre, Arne Ivar Mikalsen!

Her kan du sjå mitt innlegg om bølgekraft i Stortinget i dag - og her er manuset:\n—\n\nInnleiande innlegg i interpellasjonsdebatt om bølgekraft torsdag 20. oktober 2022, Alfred Bjørlo (Venstre)\n\nPresident,\nEnergi-framtida har ikkje eitt svar, men mange. Både fordi vi treng store mengder rein, fornybar energi for å elektrifisere samfunnet og erstatte fossil energi – og fordi eit mangfald av energiløysingar – i Noreg og i eit felles europeisk kraftnett - gir eit meir robust og mindre sårbart samfunn.\n\nNokre typar fornybar energi med stort potensiale, som offshore vind, har allereie sterke krefter «i ryggen» i form av kapital, industrielle partnerskap og menneskelege...

I morgon (torsdag 20/10) kl 10 blir det høge bølgjer i Stortinget!\n\nDå kjem Olje- og energiministeren til Stortinget for å svare på min interpellasjon om kva som må til for at Noreg skal bli ein leiande nasjon i utviklinga av bølgekraft.\n\nAnalyser syner at bølgekraft kan levere så mykje som 10 prosent av Europas elektriske kraftproduksjon innan 2050. EU utlyser neste år konkurranse om den første bølgekraftparken i Europa, og har sett talfesta mål for leveranse av straum frå bølgekraft (1 GW innan 2030 og 40 GW innan 2050). I Noreg kjem neste år det første bølgekraftanlegget i verda som leverer...

Klar for maratondag i Næringskomiteen: Høyring av statsbudsjettet 2023 med ca 90 organisasjonar på plass - alle får 3 minutt kvar og med spørsmålsrundar undervegs - ferdig i 17-tida. Intenst, men svært verdifullt! Stortinget

Framover! Ferdig med ei strålande kjekk landsmøtehelg i Venstre! Eg har hatt gleda av å stå i bresjen for to store «politikk-pakkar» som vi vedtok på landsmøtet: Eit flunkande nytt lokalpolitisk manifest før kommunevalet neste år, «Grøne, levande lokalsamfunn» - og ein ny, kraftig skjerpa mat- og landbrukspolitikk som eg gler meg til å følgje opp på Stortinget.\n\nMen mest av alt er ei landsmøte-helg å få lov å møte og bli betre kjend med masse fabelaktige folk frå heile landet. No har eg vore med i Venstre i 35 år og eg kan med handa på hjartet ikkje hugse at...

Her er mitt innlegg i debatten på Venstre sitt landsmøte i dag - Venstre skal ta kampen for det nyskapande næringslivet i by og bygd! \n\n----\nI Ringenes Herre (filmen) seier alvedronninga Galadriel: “Even The Smallest Person Can Change The Course Of The Future”. \n\nDet er eit sanningsord som aldri har vore viktigare enn no. Dei neste åra skal vi endre Noreg – og endre verda. Vi skal over frå ein fossil økonomi til ein fornybar økonomi. Vi skal stoppe klimaendringane og redde naturen – samtidig. \n\nDet krev modige politikarar som set retning. Men dei som skal gjere jobben, det er...

Venstres landsmøte 2022 er opna med eit smell av Lars Vaular - følg Guri Melby si tale live på venstre.no klokka 14! Venstre

Laster...
Laster...