Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Vanylven: Sunnmørs-ånda lever i Venstre-styrt kommune! \n\nVanylven – lengst sør på Sunnmøre – er så heldige å ha drivande dyktige Lena Landsverk Sande (V) som ordførar og Venstre som største parti i kommunestyret. For eit par veker sidan besøkte eg Lena, og fekk sjå litt av det som veks og gror i hennar rike.\n\nFørste stopp var bedrifta Sparelys.no på Åheim – ei typisk grunder-historie som syner kva som er mulig i distrikts-Noreg dersom ein ser moglegheitene og tenkjer nytt. I 2005 sidan sleit Petter Morseth og Inge Hasz med å få tak i LED-pærer til eit 12 volts-anlegg på ei hytte som ikkje var kobla på straumnettet. Då tenkte dei, som dei sunnmøringane dei er, at dette er ein marknad ingen har tatt skikkeleg tak i, og starta Sparelys.\n\nSidan har dei bygd stein på stein, og er no ein av landets leiande leverandørar av solceller, batteri, belysing, kjøkkenutstyr og verktøy til hyttemarknaden - med omsetnad på over 100 millionar NOK, over 20 tilsette på Åheim med 3.500 m2 butikk og lager, og leveransar til kundar over heile landet. \n\nEi klar melding tilbake til meg på Stortinget i straumpriskrisa vi no er inne i: Bruk minst mulig pengar på «passiv straumstøtte», og mest mulig pengar til å hjelpe folk til å investere i å kutte straumforbruk og bli sjølvhjelpte med straum frå solcelle-anlegg etc. Det er bra for miljøet, bra for lommeboka – og skaper arbeidsplasser og aktivitet i distriksbedrifter som Sparelys.\n\nFrå Åheim gjekk turen vidare til Fiskå, der vi mellom anna fekk besøke ei utruleg spennande, ny teknologibedrift: Prodtex. Prodtex driv produktdesign og automatisert, robotisert sveising av nær sagt alle typar konstruksjonar i stål og aluminum – ein teknologi som mellom anna kan revolusjonere måten vi bygger bruer på i framtida. Dei har allereie levert to ferdige, robotsveisa bruer til Statens Vegvesen, som syner at dette ikkje berre er «framtidsdraumar», men teknologi som er gryteklar og kan nyttast i full skala. No satsar Prodtex for fullt også på andre område – dei er nettopp ferdige med ein robotsveisa drivstofftank for flytande hydrogen, dei har fått innovasjonskontrakt med Statsbygg i utbygginga av dei nye regjeringskvartalet i Oslo, og har haugevis med spennande prosjekt i maritim sektor.\n\nEit strålande døme på kor viktig kompetansen og innovasjonkrafta i det maritime miljøet på Sunnmøre er for heile det «nye Noreg» - ei bedrift eg trur vi vil få høyre mykje til i åra som kjem.\n\nMen: Ikkje utan vidare. Dagleg leiar Tore Roppen var krystallklar: Den «skattebomba» den raudgrøne regjeringa no lesser på det lokalt eigde næringslivet i distrikts-Noreg – den er heilt uhaldbar for bedrifter som Prodtex. No blir dei straffa for å vere norskeigde i staden for utanlandskeigde. Dei får trekt inn nettopp den kapitalen dei treng for å vere i front på teknologiutvikling – og er svært usikre på kva framtida vil bringe. Venstre skal stå opp for bedrifter som Prodtex – vi må få opp forståinga i regjeringsmiljøa i Oslo på at det som Vedum på fint kallar å «ta frå dei rike», det er i praksis å svekke næringsutvikling og framtidstru i distrikts-Noreg.\n\nVi rakk også å møte offensive aktørar i havbruksnæringa på Sunnmøre som Roger Hofseth i Hofseth International AS, som var om mulig endå meir sjokkerte over regjeringa enn Tore Roppen og Prodtex. Investeringar i hundremillionarsklassen står no på spel, dersom vi ikkje får opp forståinga for kystnæringane og får dempa varslar om enorme skatteauker i åra som kjem. Som Roger Hofseth heilt korrekt seier det: «Omfattande skatteendringar må kome gjennom breie forlik på Stortinget, ikkje gjennom impulshandlingar og skattebomber.»\n\nJa, og ikkje å forgløyme: Innimellom alle bedriftsbesøka (det var endå fleire!), rakk vi også eit veldig kjekt besøk til 6. klasse på Åheim skule! Dei hadde førebudd eit skikkeleg revolverintervju med knakande gode (og vanskelege) spørsmål, og eg fekk fortelje litt om kva det å sitje på Stortinget går ut på. Ein flott gjeng, på ein nyrenovert og fin skule som for tida har «lånt ut» rektoren sin som ordførar for heile kommunen..\n\nTusen takk til Lena og Vanylven Venstre for ein super besøksdag – ei viktig påminning om at det er grunderane og det lokale engasjementet som skaper levande lokalsamfunn over heile landet!

Postet:
2022-10-31 22:56:55

Delt innhold:
Fotos von Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstres Beitrag