Innlegg:
I går vedtok Stortinget ein «samlepakke» på til saman 28 milliardar kroner for å trappe opp sivil og militær støtte til Ukraina, og få på plass forsterka økonomiske tiltak for å avhjelpe ekstraordinære straumutgifter her heime. Vi i Venstre er glade for at pakken no er på plass – ikkje minst at vi no får på plass meir målretta støtte til hushaldningane med mest pressa økonomi (auka bustøtte og auka utdanningsstipend til studentar).\n\nMen vi er IKKJE nøgde med at regjeringa og deira støtteparti SV kjem så svakt og seint på banen med å hjelpe bedrifter som slit med høge straumutgifter. Tusenvis av bedrifter står no med ryggen mot veggen på grunn av høge straumprisar over lang tid. Venstre vil stille opp for bedriftene som slit - her er våre tre konkrete framlegg som diverre vart nedstemt av stortingsfleirtalet i går:\n\n1. La fleire bedrifter få hjelp gjennom den nasjonale energitilskotsordninga: Auka ramma med 800 mill NOK, og senke kravet til straumintensitet frå 3 til 2,5%.\n2. 500 mill NOK til ei kommunal straumstøtteordning: Gjere det mulig for kommunane å hjelpe lokale småbedrifter som slit, men ikkje kjem inn under den nasjonale ordninga.\n3. Sørge for at bedriftene kan få energitilskot også i 2023, dersom det ikkje kjem på plass konkurransedyktige fastprisavtaler i tide.\n\nHer kan du sjå mitt innlegg i debatten.
Postet:
2022-10-28 10:11:06