Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Ferdig med fire flotte dagar i Lofoten og Vesterålen: Leknes (Vestvågøy), Svolvær (Vågan), Sortland og Myre (Øksnes). Har møtt små og store bedrifter, hatt ei heidundrande kjekk helg i Svolvær saman med Nordland Venstre og Ingvild Wetrhus Thorsvik– og «tatt pulsen» på stemninga i nord etter Ap/Sp-regjeringa la fram sitt statsbudsjett.\n\nKort oppsummert: Hos alle bedriftene vi besøkte, opplevde vi ei «dirrande fortviling» over at dei som no styrer i Oslo ikkje forstår kysten. Ikkje forstår dynamikken i fiskeri- og havbruksnæringa, og kor blodig urettferdig det er at når ein no omsider faktisk tener penger og bygger opp eigne kapitalmiljø i nord som investerer i framtida – då kjem statsbyråkratiet og politikarane i Oslo og seier at «desse pengane treng vi meir enn dykk – hit med dei NO» - og så skal de heller aller nådigast få lov å reise gratis med ferje og få gratis barnehage (men sorry med dei der jobbane som forsvinn, altså).\n\nFor det skjer noko i Nord-Noreg no. Det er liv, framtidstru og optimisme i mange kystsamfunn – det er kvinnelege, nyskapande grunderar som i Lofoten Seaweed Company og i SALT – det er topp avanserte biomedisinske og marinteknologiske miljø under oppbygging som nye Lofoten Bio Centre (for ei kunnskapsklynge – i privat regi med lokalt eigarskap!) – det er «laksepengar» som blir putta inn i å bygge foredling og auka verdiskaping rundt kvitfisk (Insula, med m a merkevara Lofoten) – det er små og store havbruksselskap som satsar både på laks og torsk (vi møtte m a Ellingsen Seafood i Svolvær og heilintegrerte Gunnar Klo As på Myre), og som tenkjer heilskapleg rundt villfanga fisk og oppdrett og å skape lokale ringverknader rundt seg (til dømes Holmøy Maritime AS i Sortland) – i Lofoten, Vesterålen og elles i nord. \n\nMen ingen forstår bæret av korleis regjeringa tenkjer – når dei akkurat no, i denne kritiske fasa, dyngar ned dei framveksande bedriftene med eit skattetrykk ingen i sin villaste fantasi hadde forestilt seg berre for eit år sidan (og stikk i strid med alle valløfte frå Ap og Sp). Auka produksjonsavgift, ny grunnrenteskatt, auka formueskatt, auka verdisetjingsgrunnlag, auka utbyteskatt, auka arbeidsgivaravgift i eit einaste samansurium – utan at nokon av dei vi snakka med forstår heilskapen – og alt dei blir møtt med er hånlege utbrot frå Vedum om namngjevne laksemilliardærar som han ikkje likar. \n\nDei folka vi møtte, er ikkje dei Vedum snakkar om. Dette er dei som skapar verdiar med allværsjakka på, som blir skitne på hendene og lever det same livet som folk elles på kysten – men som samtidig skaper milliard-verdiar som blir igjen lokalt, og som no rett og slett er trua. \n\nFor alternativet for dei er ganske enkelt: Det er å selje seg ut – til globale konsern med stinn kasse, som slepp norsk formueskatt og ikkje treng å bry seg om kor mykje av verdiskapinga som blir igjen lokalt – i Leksnes, Svolvær, Sortland og Myre. \n\nFor no er det alvor på kysten, både i Nord-Noreg og i Vestlandet. Eg er glad for å ha fått sjansen av Nordland Venstre til å vere her nokre dagar og få meir kunnskap og innsikt i kystnæringane i nord – og er endå meir gira enn før på å ta kampen for kyst-næringane i nasjonal politikk. For det trengs, når byråkratiet i Finansdepartementet og Sp/Ap-regjeringa har gjort felles sak for å tappe kystsamfunna i nord og vest for kapital og livskraft – til fordel for ein allereie steinrik stat, som med dette sjølv slepp å stramme livreima. \n\nTakk til alle eg fekk lov å besøke og møte i løpet av desse dagane. No skal vi saman ta kampen for kysten vidare!

Postet:
2022-10-24 21:39:21

Delt innhold:
Photos from Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre's post