Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Bergen: Snartur til Vestlands-hovudstaden!\n\nKjapt besøk i Bergen i går for å få innspel til budsjett-jobbinga Venstre og andre parti no driv med på Stortinget – med eit statsbudsjett der Vestlandet og Bergen ser ut til å vere systematisk nedprioritert. Lynkjapp oppsummering av dagen:\n\nUniversitetet i Bergen har fått ein drivande dyktig ny rektor: Margareth Hagen. Eg møtte henne saman med viserektor Gottfried Greve. Vi fekk ein god prat om kor viktig det er for Vestlandet å bygge sterkare kunnskaps-, høgare utdannings og forskingsmiljø – og uroa for at forsking og høgare utdanning blir nedprioritert generelt – og for Vestlandet spesielt. \n\nVi har no fått eit statsbudsjett der vi ikkje kjem i gang med desentralisert medisinarutdanning på Vestlandet, der det er bråstopp for heilt nødvendige nye undervisningsbygg for UiB (Griegakademiet) – og der det er tommelen ned for samlokalisering av dei sterke fiskeri- og havforskingsmiljøa i Bergen. Alt dette er saker som ikkje berre må bli «Bergens-saker» - dette er viktig for heile Vestlandet, og eg skal gjere mitt for å tale UiB si sak på Stortinget i åra framover.\n\nEviny (tidl. BKK) er det suverent største fornybar-selskapet på Vestlandet, og er no nær sagt i sjokk etter forslaget til statsbudsjett. Deira klare tilbakemelding: Innrettinga på skattepakken som no er lagt fram, kan bety bråstopp for det grøne skiftet og ny grøn næringsutvikling på Vestlandet – og i tillegg dramatisk dårlegare kommuneøkonomi i svært mange kommunar på Vestlandet. No har regjeringa klart det kunststykket å skatte fornybar energi sterkare enn fossil energi, stikk i strid med absolutt all fornuft og kva som er nødvendig for å bremse klimaendringane. Vi må jobbe for å snu dette. Eg trur eigentleg heller ikkje Ap ønskjer ei slik utvikling - Sp og Frp er strengt tatt dei einaste gjenverande «fossilpartia» i Noreg.\n\nFekk også ein særs nyttig prat med Sondre Olsen i NHO Vestlandet og Krister Hoaas i Sjømat Norge om status i havbruksnæringa på Vestlandet etter «skattesjokket» dei har fått i haust – og der lista over kutt i planar og nysatsingar blir stadig lenger. Venstre er innstilt på å bidra konstruktivt for å få havbrukspolitikken på rett spor igjen – viss ikkje Trygve Slagsvold Vedum før den tid grev seg så langt ned i skyttargrava at han ikkje finn vegen opp igjen..\n\nJa, og ikkje minst: Starta dagen med frukostmøte i Bergen Næringsråd, med straumstøtte til næringslivet som tema. Alt tyder no på at tempoet i fornybar-utbygging i Europa og ny logistikk for import av naturgass gjer at straumpriskrisa er forbigåande (1-2 år) – i den tida bør den steinrike norske staten kunne stille opp meir og betre for å hjelpe bedrifter som slit særskilt med høge straumprisar. Inntil fastprisavtaler med ok pris kjem på plass, må vi ha ei betre energistøtteordning – som kanskje må vare lenger enn det regjeringa og SV har sagt.\n\nIntens, men nyttig dag i Bergen. No går turen mot nord til Sunnfjord og Førde!

Postet:
2022-11-03 09:18:28

Delt innhold:
Photos from Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre's post