Innlegg:
Her er mitt innlegg i debatten på Venstre sitt landsmøte i dag - Venstre skal ta kampen for det nyskapande næringslivet i by og bygd! \n\n----\nI Ringenes Herre (filmen) seier alvedronninga Galadriel: “Even The Smallest Person Can Change The Course Of The Future”. \n\nDet er eit sanningsord som aldri har vore viktigare enn no. Dei neste åra skal vi endre Noreg – og endre verda. Vi skal over frå ein fossil økonomi til ein fornybar økonomi. Vi skal stoppe klimaendringane og redde naturen – samtidig. \n\nDet krev modige politikarar som set retning. Men dei som skal gjere jobben, det er menneska med dei radikale ideane som kan endre framtida. \n\nDei ideane blir ikkje klekt ut på eit statsrådkontor i Kongens Gate, hos NHO på Majorstua eller LO på Youngstorget. \n\nNei, dei gode ideane kjem alltid nedanfrå. Frå eit rotete forskar-kontor på NTNU i Trondheim. Frå ein støyande verkstadhall på Sunnmøre. Frå lunsjrommet i eit kontorfelleskap i Mandal. \n\nDet er dei – forskarane, grunderane, bedriftene, som kan endre «the course of the future». \n\nDersom vi gir dei tillit. Og armslag. \n\nKjære landsmøte: Akkurat no – når forsking, grøn nyskaping og grunderskap trengs meir enn nokon gong, har Noreg fått den mest næringsfiendtlege regjeringa i manns minne. Ei regjering som konsekvent nedprioriterer dei som skal skape framtida. Studentane. Forskarane. Dei grøne framtidsnæringane på kysten. Dei framveksande teknologiselskapa.\n\nOg veit de kva som står i Hurdalsplattformen? Der står det – og eg køddar ikkje – «Føre en forutsigbar og ansvarlig skattepolitikk overfor næringslivet». \n\nForutsigbar? Ansvarleg?\n \nNår regjeringa heilt ut av det blå – for ikkje å seie ut av det raude - vil innføre ei ekstra arbeidsgivaravgift på løn over 750.000, slik at det blir dyrare for bedrifter å bygge opp forskings-, teknologi- og innovasjonsmiljø i Noreg, og å tilsetje unge folk med høg utdanning? \n\nSom Jørn Haukøy i teknologiselskapet Code11, seier det: «Vedum slår der det gjør vondt: Ikke bare er jerngrepet kvelende i sin styrke, men det klemmes til der vi er mest sårbare.» \n\nJa, regjeringa auker arbeidsgjeveravgifta med sju milliardar. \nOg så skal dei forhandle med SV. \n\nDei aukar formuesskatten, skrur opp verdigrunnlaget og kuttar i aksjerabatten.\nOg så skal dei forhandle med SV. \n\nDei køyrer til himmels skattlegginga av oppdrettsnæringa og på ny fornybar energi. \nOg så skal dei forhandle med SV. \n\nDette er Sp, Ap og SV sin definisjon på «forutsigbar skattepolitikk». Ja, det er forutsigbart – men berre fordi det blir verre og verre dag for dag. \n\nKjære landsmøte: Venstre kan ikkje godta at det er dei som skal skape framtida, som må betale for at Ap og Sp skal hegne om fortida. \n\nVi skal ta kampen for grundarane, for småbedriftene, for forskarane – for det boblande, livsviktige mangfaldet i norsk næringsliv. \n\nJa, Venstre skal ta kampen for dei som har kraft i seg til å endre verda. Det er vi som er på lag med framtida!
Postet:
2022-10-14 19:47:23