Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
I morgon (torsdag 20/10) kl 10 blir det høge bølgjer i Stortinget!\n\nDå kjem Olje- og energiministeren til Stortinget for å svare på min interpellasjon om kva som må til for at Noreg skal bli ein leiande nasjon i utviklinga av bølgekraft.\n\nAnalyser syner at bølgekraft kan levere så mykje som 10 prosent av Europas elektriske kraftproduksjon innan 2050. EU utlyser neste år konkurranse om den første bølgekraftparken i Europa, og har sett talfesta mål for leveranse av straum frå bølgekraft (1 GW innan 2030 og 40 GW innan 2050). I Noreg kjem neste år det første bølgekraftanlegget i verda som leverer straum til eit oppdrettsanlegg, levert av Havkraft As AS til Svanøy Havbruk i Kinn i Vestland.\n\nBølgekraft er ei natur- og klimavenleg energiform med stort potensiale, som Europa utanom Noreg no satsar på som ein del av framtidas energimiks. Eg meiner det er på høg tid at Noreg løftar våre ambisjonar for å vere med å utvikle framtidas bølgekraft-teknologi, og set konkrete mål for bølgekraft på line med EU. Då kan bølgekraft både bli ei viktig energiløysing og ein ny norsk eksportindustri i framtida.\n\nEg heiar på grunderar som Geir Arne og Nikolai i Nordfjord-bedrifta Havkraft, og ser fram til å løfte bølgekraft som tema i Stortinget!

Postet:
2022-10-19 19:33:46

Delt innhold:
Fotos von Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstres Beitrag