Innlegg:
Ja til fleire skulehagar! I morgon (torsdag) tar eg opp ei sak eg brenn for til debatt i Stortinget: Kva vi kan gjere for å få rulla ut fleire skulehagar til glede for born og ungdom over heile landet.\n\nFotoet under er frå prosjektet Grøn Integrering på Nordfjordeid i Stad kommune, som Venstre-kollega Abid Raja og eg besøkte tidlegare i år - eit strålande døme på kva som er mulig. \n\nSkal vi ha god matberedskap og sjølvforsyning i Noreg i framtida, må langt fleire enn i dag få lære om og bli vant med å dyrke eigen mat. Fleire skulehagar er ein av mange brikkar i ei nødvendig omlegging av framtidas matsystem til meir lokal matproduksjon - og meir frukt og grønt. Difor utfordrar eg no Kunnskapsministeren i Stortinget om kva som kan gjerast for å få fleire skulehagar over heile landet - og setje gode lokale initiativ mykje meir i system enn i dag. \n\nSkulehage gir på kort sikt meir variasjon, trivsel og praktisk læring i skulekvardagen – og betyr på lang sikt at langt fleire enn i dag får kunnskap om å dyrke eigen mat. Det vil bli stadig viktigare i framtida. \n\nEg tar dette opp i ein interpellasjon til Kunnskapsministeren i Stortinget i morgon - og håpar det kan vere starten på noko som vil rulle vidare!
Postet:
2022-10-26 19:00:57
Delt innhold:
(+) – Vil ha fleire skulehagar over heile landet
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo(V) vil ha fleire skulehagar over heile landet.