Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Her kan du sjå mitt innlegg om bølgekraft i Stortinget i dag - og her er manuset:\n—\n\nInnleiande innlegg i interpellasjonsdebatt om bølgekraft torsdag 20. oktober 2022, Alfred Bjørlo (Venstre)\n\nPresident,\nEnergi-framtida har ikkje eitt svar, men mange. Både fordi vi treng store mengder rein, fornybar energi for å elektrifisere samfunnet og erstatte fossil energi – og fordi eit mangfald av energiløysingar – i Noreg og i eit felles europeisk kraftnett - gir eit meir robust og mindre sårbart samfunn.\n\nNokre typar fornybar energi med stort potensiale, som offshore vind, har allereie sterke krefter «i ryggen» i form av kapital, industrielle partnerskap og menneskelege ressursar.\nAndre energiformer har også stort potensiale – men ikkje dei same sterke, allereie eksisterande industrielle kreftene i ryggen. Det gjeld bølgjekraft. Difor er det tema for min interpellasjon i dag.\n\nEuropean Energy Forum har anslått at bølgeenergi – å utnytte energien i havbølgjer til å produsere elektrisk kraft - kan levere så mykje som 10% av Europas elektriske kraftproduksjon innan 2050.\n\nDet klassiske argumentet mot bølgjekraft kan lesast i Olje- og energidepartementet sine svar til Stortinget i vår i samband med energimeldinga: «Staten har i over fire tiår støttet forskning og utvikling av bølgekraftteknologier, uten at det har gitt de helt store resultatene»\n\nDet er kanskje ei korrekt skildring av fortida. Men det er ikkje ei like presis beskriving av framtida. Bølgjekraft står no høgst truleg framfor nettopp det gjennombrotet som lenge har vore etterlyst. Både på grunn av teknologiske framsteg – og fordi bølgjekraft for første gong har fått ein definert plass i Europa sin samla energistrategi.\n\nFor i det siste har det skjedd noko som aldri har skjedd før, og som kan bety eit tidsskifte for bølgjekraft som teknologi. EU- kommisjonen har i sin nye strategi for fornybar havenergi sett ein konkret ambisjon for bølgekraft og tidevasskraft: 1 GW innan 2030 og 40 GW innan 2050.\n40GW innan 2050. Då snakkar vi om eit volum og ein marknad som det er potensiale i – både industrielt og som bidrag til framtidas energiforsyning.\n\nOg dette går raskt: Allereie neste år planlegg EU å lyse ut anbod på ein bølgekraftpark med minimum 4 einingar.\n\nKva så med Noreg?\nFor det første – og svært viktig: Når EU no blinkar ut bølgjekraft som satsingsområde i sine forskingsprogram, er framståande norske teknologimiljø som SINTEF Energi og SINTEF Ocean «på ballen». SINTEF-miljøa er sentrale partnarar i et europeisk samarbeidsprosjekt som skal demonstrere ny testmetodikk for bølgekraftomformarar.\n\nOg vi HAR norske bølgekraft-initiativ som er i ferd med å ta dei neste stega. Neste år set teknologiselskapet Havkraft frå Nordfjord i drift eit bølgjekraftverk som ikkje lenger er eit reint testanlegg, men skal levere straum på ordinær måte – til Svanøy Havbruk utanfor Florø i Vestland. Noreg får dermed neste år det første oppdrettsanlegget i verda som er elektrifisert med bølgekraft.\n\nOgså andre norske industrimiljø arbeider no målretta med bølgjekraft, slik som på Haugalandet på Sørvestlandet, der industrimiljøet mellom anna ser potensiale i bølgjekraft i samband med planlagd utbygging av offshore vind.\n\nPresident, då energikomiteen handsama Energimeldinga i vår, sa ein samla komite følgjande: Komiteen viser til at det ligger et potensial i fornybar energi fra bølge- og tidevannskraft, og mener det må investeres mer i og forskes mer på dette.\n\nOg då er vi ved årsaka til at eg løftar denne interpellasjonen i dag. Viss vi har denne felles forståinga – at bølge- og tidevannkraft har eit potensiale, og bør satsast på som ein del av framtidas energimiks – då hastar det med å kome vidare.\n\nFor så raskt og med så konkrete mål som EU no bevegar seg framover, kan vi ikkje risikere at dette blir endå eitt av dei områda der Noreg hadde alle tiders sjans til å gå i front og lede an i teknologi-utviklinga – men lar andre kome fyrst.\nPresident, dersom vi trur på at bølgekraft har eit potensiale, då må vi faktisk gjere noko.\n\nForske – ja. Men endå viktigare er det no at vi set konkrete må for kva rolle bølgje- og tidevasskraft skal ha i det norske kraftsystemet fram mot 2030, 2040 og 2050 – slik Noreg allereie har gjort på offshore vind, og EU no også har gjort for bølgje- og tidevasskraft.\n\nOg ikkje minst: At vi kjem i gang med fleire reelle bølgjekraft-prosjekt slik at vi får testa ut teknologiløysingane\n\nPresident, eg er opptatt av energipotensialet som ligg i bølgjekraft, men også i industripotensialet. For bølgjekraft passar som hand i hanske inn i den maritime kompetansen og dei maritime industrimiljøa vi allereie har i Noreg – og treng fleire bein å stå på. Marknaden for bølgekraft-teknologi som fungerer er global. Dette er ei energiform som er eigna i store deler av verda – ikkje minst i tropiske område, der bølgjene er mykje meir konstante gjennom året enn vinden.\n\nSå akkurat no trur eg vi står ved eit vegskille ved satsinga på bølgjekraft i Noreg: No må vi vere med på det «toget som går» i EU og knytt til nye norske teknologiløysingar som no snart blir rulla ut i praktisk bruk.\n\nSå mi utfordring til Statsråden er: Kva vil regjeringa gjere for at Noreg skal bli ein leiande nasjon i utviklinga av bølgjekraftteknologi?

Postet:
2022-10-20 12:27:32