Innlegg:
Ein flott runde i Stortinget i dag om fleire skulehagar til norske born over heile landet - og honnør til Kunnskapsminister Tonje Brenna for positivt og offensivt svar! Her kan du sjå mitt innlegg frå Stortingets talarstol. \n--\nInterpellasjonsdebatt om skulehagar 27. oktober 2022 – opningsinnlegg av Alfred Bjørlo (Venstre) \n\nPresident,\nsaka eg tar opp i dag, kan ved fyrste augekast virke som ei pølse i slaktetida, for ikkje å seie ein tomat i grønsakhagen, i ei tid med krig, energikrise, klimakrise og pressa økonomi for folk flest. \nMen det er nettopp i tider som dette vi også må tenke dei lange tankane – gjere små grep no som kan bety mykje for samfunnet i framtida. \n\nFor er det ein ting det siste året har lært oss, er det at vi ikkje kan ta mat-tryggleik og sjølvforsyning for gitt. Mat er ikkje noko som «berre kjem». Mat kjem frå ein stad – og det tar tid, energi og kunnskap å produsere. Korleis vi skrur saman mat-systema våre, har også store følgjer også for andre område av samfunnet. Matproduksjon er ikkje eit spørsmål for dei få. Det er ei sak som vedkjem alle. Og dagens matsystem er rett og slett ikkje berekraftige på lang sikt. Ikkje for klimaet. Ikkje for naturen, og ikkje for folkehelsa. \n\nPresident,\nskal vi få berekraftige matsystem, eit sunnare kosthald og sjølvforsyning av rein, trygg og sunn mat i Noreg i framtida, må alle som veks opp i dag få kunnskap om korleis mat blir til, og bli vant med å dyrke fram mat sjølv. \n\nEin gong i tida var det sjølvsagt. Slik er det ikkje lenger, verken i by eller bygd. \n\nHeldigvis startar vi ikkje frå null. \n\nFor det første er mat og helse allereie ein del av læreplanen for grunnskulen. Det å «delta i høsting av lokale matvarer og i dyrking av mat for bruk i matlaging», og å «utnytte lokale matvarer i matlaging og presentere leddene i produksjonskjeden fra råvare til måltid» - det ligg inne som kompetansemål i læreplanen. \nFor det andre: Skulehage – å dyrke eigen mat som del av skulekvardagen - det har lange tradisjonar.\n\nI 1909 ga Oslo kommune løyve til at området Geitmyra kunne nyttast til skulehage for skulane Møllergata, Foss, Bolteløkka, Lilleborg, Sagene og Grünerløkka. Geitmyra skolehage har vore i kontinuerleg drift som skulehage og parsellhage heilt sidan då, og fleire skulehagar i Oslo har kome til. Og tusenvis av born og unge i Oslo har i desse drøyt hundre åra fått med seg kunnskap, opplevingar og matglede som dei har med seg livet ut. \n\nIkkje minst har Oslo si skulehage-satsing fått ei ny og endå større betyding i takt med at Oslo har blitt ein meir fleirkulturell by. Du finn knapt ein arena som er betre for integrering, samhald og felles opplevingar på tvers av kulturar enn skulehagen. \n\nOg Geitmyra skulehage har også fått ei knoppskyting i form av Geitmyra matkultursenter for barn, som no har fått avleggarar også andre stader i landet, og har ein visjon om å nå born i heile landet med kunnskap om mat og matglede.\n\nOgså andre stader i landet veks – bokstaveleg talt – skulehagar no fram, etter fleire tiårs tilbakegang. I Skien. I Horten. I Stavanger. I Bodø. På min heimstad Nordfjordeid (Grøn Integrering) – og andre stader. \n\nIkkje minst skal organisasjonen Økologisk Norge ha stor honnør for den satsinga dei driv for å få opp satsinga på skulehagar – med eit nasjonalt nettverk, Skolehager i Norge, og med ei systematisk satsing på å finansiere og få på plass fleire skulehagar på Østlandet, i samarbeid med Sparebankstiftelsen DNB. \n\nMen å bygge opp – og ikkje minst drive skulehagar – kjem ikkje av seg sjølv. Vi treng eldsjelene – ja – men vi treng også systematikk, langsiktighet, kunnskap og ei forankring nasjonalt. Der er vi ikkje i mål per i dag.\n\nDet einaste utdanningstilbodet – i alle fall så langt eg kjenner til – for skular og lærarar i å bygge opp og drive skulehage, blir køyrt av Norges miljø- og biovitskaplege universitet. Det er eit 15 vekttals kurs med base her i Oslo som er fullteikna og med lange ventelister kvart år. \n\nOg det er ein interessant observasjon at vi i dag finn dei fleste skulehagane er i Oslo og det sentrale austlandsområde, der dette er sett i system takka vere mellom anna Økologisk Norge. \nUtover i landet elles er det i hovudsak spreidde, lokale initiativ, dradd i gang av lokale eldsjeler. Det er bra. Men vi har potensiale til så mykje, mykje meir. Og det hastar. \n\nFor born flest i Noreg bur ikkje lenger på ein gard og har det å dyrke jord «i fingrane», med kunnskap som blir overført frå generasjon til generasjon. Heller ikkje på bygda. \n\nSå eg meiner at no – med det nye fokuset vi har fått i samfunnet på betydinga av berekraft, trygg mat og nasjonal beredskap – er tida for å rulle ut skulehagar i mykje større tempo, og ikkje minst med meir systematikk, komen. \n\nKorleis kan vi bidra til å styrke kompetanse og kunnskap om å etablere og drive skulehagar over heile landet, når vi veit at interessa allereie er stor – og stadig veksande? \n\nKorleis kan vi få læreplanen sine tydelege mål om at alle norske barn skal lære om dyrking av mat til å henge betre saman med andre nasjonalt prioriterte politikkområde – som landbruk, klima og helse? \n\nKorleis kan vi sikre meir stabil finansiering for skular og kommunar som vil satse på skulehagar, for eksempel gjennom systematisk samarbeid mellom det offentlege og private aktørar som dei store bank-stiftingane og andre? \n\nPresident – eg ser fram til å høyre statsråden sine tankar om dette – og til å vere med å dyrke fram skulehagar som ein naturleg del av skulekvardagen for born over heile landet.
Postet:
2022-10-27 12:41:19