Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Framover! Ferdig med ei strålande kjekk landsmøtehelg i Venstre! Eg har hatt gleda av å stå i bresjen for to store «politikk-pakkar» som vi vedtok på landsmøtet: Eit flunkande nytt lokalpolitisk manifest før kommunevalet neste år, «Grøne, levande lokalsamfunn» - og ein ny, kraftig skjerpa mat- og landbrukspolitikk som eg gler meg til å følgje opp på Stortinget.\n\nMen mest av alt er ei landsmøte-helg å få lov å møte og bli betre kjend med masse fabelaktige folk frå heile landet. No har eg vore med i Venstre i 35 år og eg kan med handa på hjartet ikkje hugse at stemninga, samhaldet og framtidstrua nokon gong har vore betre. Guri Melby, Sveinung Rotevatn og Abid Raja blømer i sine roller som leiar-trio, Ane Breivik og Unge Venstre er akkurat så på kanten i å irritere vettet av vaksen-Venstre med radikale forslag og ny politikk som dei skal vere (og så dyktige at dei også får gjennomslag for veldig mykje). Det er rett og slett ein fest å møtes til ei helg som denne!\n\nOg det absolutte høgdepunktet var utan tvil det sterke innlegget til Kira Ryduk, leiaren av vårt systerparti i Ukraina. Då var ikkje eit auge tørt - og du blir påminna om kor viktig kampen for demokratiet faktisk er - og kvifor vi driv med det vi gjer. \n\nNo blir det godt å få frikveld og slappe av med ein episode Ringenes Herre, men før midnatt må eg også få slengt inn eit skriftleg spørsmål til regjeringa om kvifor det dreg så uendeleg langt ut med å få på plass nytt og enklare regelverk for mikrohus (har kvote på 2 spørsmål kvar veke med frist søndag kl 24, og har enno 1 igjen denne veka). \n\nSå er det fullt køyr i morgon tidleg igjen med podcast-innspeling med Kommunal Rapport kl 8 og deretter budsjetthøyring i Næringskomiteen i åtte strake timar. Så blir det tur til Bø og studentkveld der onsdag, og Lofoten til helga. Fullt køyr, men så lenge det er gøy, går det meste bra!

Postet:
2022-10-16 21:08:31

Delt innhold:
Photos from Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre's post