Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Nei til «straffeskatt» på framtidas arbeidsplassar!\n\nI statsbudsjettet foreslår regjeringa – heilt ut av det blå - å auke arbeidsgiveravgifta for lønsinntekter over 750 000 kr. Det vil gi små og store bedrifter over heile landet ei ekstrarekning på 7 milliarder.\n\nDenne veka arrangerte Venstre saman med Tekna ei mini-høyring på Stortinget for å få fram kva konsekvensar dette kan få. Vi hadde med oss både store, etablerte bedrifter som Kongsberg Gruppen, og nystarta gründer-bedrifter som Alma Clean Power i Bergen og Smart Innovation Norway i Halden.\n\nTilbakemeldingane var krystallklare: Dette er alvorleg – det vil føre til at arbeidsplassar blir flytta ut av landet, bremse tempoet i grøn omstilling av samfunnet, og mindre forsking og nyskaping.\n\nVenstre seier eit klart NEI til høgare arbeidsgivaravgift. Eg håpar inderleg at også dei som no skal forhandle budsjett (Ap, Sp og SV) forstår at dette er ein uvanleg dårleg idé, som berre må leggast vekk.\n\nTakk til Tekna for eit flott opplegg og å syne fram nokre av dei flotte bedriftene vi har som skal gje oss gode arbeidsplassar, eit grønare samfunn og auka eksport-inntekter i framtida.\n\nOg så er det ekstra kjekt at det er vestlendingar som for tida er i front i Tekna: President Lars Olav Grøvik er frå Ørsta, og visepresident Elisabet Haugsbø frå Gaular i Sunnfjord!

Postet:
2022-10-28 16:22:48

Delt innhold:
Photos from Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre's post