Innlegg:
Tropenes Trump er ute - Brasil er tilbake i verda!\n\nHeilt sidan vi var i Brasil med Næringskomiteen i september og såg på nært hald kva vippepunkt verdas 5. største land - og verdas største regnskog - sto ved, har eg vore nervøs. \n\nMen det gjekk bra - med eit nødsskrik. Bolsanaro sin giftige Trump-miks av kristendom, abortmotstand, forakt mot minoritetar, vaksine- og klimamotstand og ja til avskoging av Amazonas var livsfarleg ikkje berre for Brasil, men for heile verda. \n\nNo er det nytt håp - og Noreg kan spele ei nøkkelrolle på grunn av Amazonasfondet og sterke samarbeidsband med Brasil elles. Lukke til, både til Lula, vår norske ambassade i Brasil og deira flinke folk - spennande tider i vente! \n
Postet:
2022-10-31 05:22:30
Delt innhold:
Lula da Silva will return to Brazil's presidency in stunning comeback | CNN
Luiz Inácio Lula da Silva has been elected the next president of Brazil, in a stunning comeback following a tight run-off race on Sunday. His victory heralds a political about-face for Latin America's largest country, after four years of Jair Bolsonaro's far-right administration.