Beta
Søket ga 333 treff.

«Heretter heiter det vi»: Tida er inne for Team Vestlandet!\n\nStor honnør til Jan Erik Kjerpeseth, Siren Sundland &co i Sparebanken Vest, som har gjort Vestlandskonferansen til Vestlandets største og viktigaste møteplass for næringsliv, samfunnsutvikling og politikk. I år større og betre enn nokon gong med 1600 samla i Grieghallen og eit imponerande program.\n\nBodskapen frå dagen var krystallklar: I møte med klimakrise, energikrise og økonomiske utfordringar, må tida for småkjekling og «kamp mot naboen» vere forbi. No må vi stå saman og handle raskt for å omstille energibruk og økonomi – både i verda, Europa og i Noreg. Vestlandet kan og...

Reiserapport frå Brussel, EU og NATO – i ei verd på vippepunktet\n\nHeime etter ei intens og tettpakka veke i Brussel med ein tverrpolitisk delegasjon frå Stortinget (V, H, Ap, Frp, Sp, SV, MDG og Rødt). Sit att med mykje ny kunnskap, men endå fleire refleksjonar og tankar. Lynkjapp oppsummering av veka:\n\n* Besøksdag i «Norway House», der den norske ambassaden, Norges delegasjon til EU og mange norske organisasjonar og bedrifter sit samla rett over gata for EU-kommisjonen sitt hovudkvarter. Møte og orienteringar med Noregs ambassadør til EU og fleire av våre norske «spesialutsendingar»/fagrådar til EU på ulike politikkområde – som energi,...

I dag kjem Ukraina sin president Volodymyr Zelenskyj til Brussel for å møte leiarane i alle EU-landa. Om få timar skal han tale til 700 folkevalde frå 27 land i bygningen bak meg og Elise Tingvoll frå Brussel Venstre på fotoet: EU-parlamentet.\n\nTilfellet vil det slik at eg og 11 andre stortingsrepresentantar frå mange parti denne veka er i Brussel for å lære meir om NATO og EU. Og i dag – akkurat når Zelenskyj held si tale til EU-parlamentet – er vi på same stad: I EU-parlamentet.\n\nSidan Noreg har vald å stå utanfor det stadig tettare politiske samarbeidet i Europa...

I dag kjem Ukraina sin president Volodymyr Zelenskyj til Brussel for å møte leiarane i alle EU-landa. Om få timar skal han tale til 700 folkevalde frå 27 land i bygningen bak meg og Elise Tingvoll frå Brussel Venstre på fotoet: EU-parlamentet.\n\nTilfellet vil det slik at eg og 11 andre stortingsrepresentantar frå mange parti denne veka er i Brussel for å lære meir om NATO og EU. Og i dag – akkurat når Zelenskyj held si tale til EU-parlamentet – er vi på same stad – i EU-parlamentet.\n\nSidan Noreg har vald å stå utanfor det stadig tettare politiske samarbeidet i...

Torsdag 2. februar hadde eg interpellasjon i Stortinget om dei galopperande prisane på daglegvarer. Her kan du sjå og lese mitt opningsinnlegg.\n\n---\nInterpellasjonsdebatt i Stortinget 2/2-23: Opningsinnlegg av interpellant Alfred Bjørlo (Venstre)\n \nPresident,\n«Makt korrumperer, og absolutt makt korrumperer absolutt», sa den britiske politikaren Lord Acton i 1877. Oversett til klarspråk: Når for mykje makt er samla på for få hender, må vi sørge for å spreie makt og fordele makt – før det er for seint. \n\nPresident, eg trur alle i denne salen er enige om at det sitatet frå 1877 er ei ganske treffande skildring av norsk daglegvaremarknad i 2023....

Gratulerer med Samefolkets dag - Lihkku beivviin!

I dag la Helsepersonellkommisjonen fram sin rapport: "Tid for handling". Det er ein god og viktig rapport - som kjem i grevens tid, fordi vi no er i ein alvorlig situasjon med omsyn til framtidas helsetenester. Vi blir nødt til å bli langt flinkare til å bruke "rett folk på rett stad" i framtida. Vi kan ikkje løyse problema berre ved å la helsearbeidarane springe stadig fortare - den grensa er no nådd. Her kan du lese mine og Venstre sine fyrste reaksjonar på rapporten

Klar for debattar i Stortinget om 1. gründer- og småbedriftspolitikk og 2. daglegvareprisar. Du kan følgje med på https://www.stortinget.no ! Venstre

Prisgaloppen på daglegvarer må stoppast! Altfor mykje makt er samla på få hender i daglegvarebransjen, og no varslar regjeringa nye grep som vil gjere konkurransen endå dårlegare og prisane endå høgare, stikk i strid med faglege råd (oppheve dei konkurransefremmande tiltaka i meieribransjen). I morgon (torsdag) har eg interpellasjon i Stortinget der Næringsministeren må svare på kva han og regjeringa no vil gjere for å gi folk betre råd. Kva meiner du eg bør seie til regjeringa?

Reisebrev frå Vestlandet, veke 4/2023: Stavanger, Ålesund, Ørsta og Bergen \n\nVeke 4 var såkalla «møtefri veke» på Stortinget. Det betyr eigentleg nøyaktig det motsette: Det betyr fleire møte enn nokonsinne - men sidan sjølve Stortinget har pause, ein kan kome seg rundt om i landet og møte folk og bedrifter andre stader. Eg brukte veka til ein reiserunde på Vestlandet for å besøke lokale Venstre-lag og «ta temperaturen» på næringslivet. Her er eit lynkjapt reisebrev!\n\nStavanger\nStavanger har i 50 år vore oljebyen. No er Stavanger i ferd med å omstille seg til ei fornybar framtid.\n\nStavanger Venstre og ordførarkandidat Mette Vabø tok...

Møt handverksbryggeriet Salikatt i Stavanger: Ei av Noregs beste bedrifter i ein bransje som ikkje får lov å fortelje kven dei er og kva dei driv med!\n\nOver heile landet har det vakse fram lokaleigde handverksbryggeri og siderprodusentar som tar opp kampen med dei store internasjonale gigantane på øl og vin, lagar produkt av høg kvalitet og skapar arbeidsplassar og aktivitet lokalt.\n\nLikevel har vi stelt oss slik her i landet at dei i praksis ikkje får lov å fortelje folk kva dei driv med.\n\nBetalt alkoholreklame er forbode i Noreg og likt for alle. Det er ok. Men medan dei store drikkevare-gigantane...

Godt møte mellom Sogn og Fjordane-benken på Stortinget og Nordfjordrådet i dag! Supert at Nordfjord gjer felles sak og møter oss samla! \n\nVi vart oppdatert om og diskuterte ei rad viktige saker for heile regionen: Stad skipstunnel/Stad Ship Tunnel, helsepolitikk, energipolitikk, hamneutvikling, rekruttering og ungdomssatsing (all honnør til dei flinke folka i Nordfjordakademiet og Nordfjord Opplæringskontor) – og Statens Hus-piloten på Nordfjordeid som no verkeleg er i godt driv. \n\nKjekt og nyttig å møtes – og så er det artig at både benkeleiaren vår på Stortinget (Erling Sande) og dagleg leiar i Nordfjordrådet (Elisabeth Hatlenes) – er frå den same...

Grüne Woche i Berlin! Verdas største mat- og landbruksmesse, men paviljongar frå nær 100 land og titusenvis av besøkande. \n\nVi i Næringskomiteen var med på opninga av den flotte norske paviljongen - som i år løftar spesielt fram kvalitetsmat frå Fjord-Noreg og Trøndelag, med mange småprodusentar på plass - herunder lokale bedrifter som Kandal Kjøtt og Gardsbrenneriet. Spesiell ros til Innovasjon Norge for å ha kobla mat og reiseliv så tett. Det er ein kombinasjon vi kan få mykje meir verdiskaping ut av i framtida! \n\nOg mange spennande smakar frå heile verda rundt om i dei enorme hallane - særleg...

No kan vi ikkje somle lenger: På høg tid å gi fleire statleg tilsette høvet til å "ta med jobben" til distrikts-Noreg! Venstre vil følgje opp saka frå Stortinget - med dagens regjering går dette altfor treigt! Bård Ludvig Thorheim

I dag kom Næringskomiteen på Stortinget til London for å «ta temperaturen» på Storbritannia etter Brexit og vere med å arbeide fram nye grøne eksportmulegheiter for norsk næringsliv. Og ca det første som møtte oss på den norske ambassaden var dette! Innovasjon Norge-sjef i London, Hilde Hukkelberg, trekk fram Lefdal Mine Datacenter i Nordfjord som eitt av dei største og viktigaste prosjekta dei har vore med å løfte fram internasjonalt dei siste åra.\n\nHilde og Innovasjon Norge har vore med på laget for å få realisert draumen om eitt av Europas største og grønaste datasenter i Lefdal saman med Sindre Kvalheim&co...

Smartare utnytting av avfall: Eit kinderegg som kuttar klimautslepp, skaper ny næringsaktivitet – og kan vere ei av dei løysingane som monnar og virkar raskt for å avlaste eit pressa straumnett.\n\nI dag besøkte eg Eidsiva Bioenergi sitt anlegg på Hamar, som er Noregs tredje største fjernvarmeanlegg og gir industribedrifter og andre kundar i Hamar-regionen eit miljøvenleg, fullgodt alternativ til elektrisitet som oppvarming.\n\nNo er Eidsiva Bioenergi og tilsvarande anlegg landet rundt i trøbbel, på grunn av at ei for svakt innretta norsk avfallsavgift gjer det meir lønnsamt å eksportere avfall til Sverige. Det er det fullt mulig å gjere noko med,...

Alfred-rapport frå Stortinget, veke 2 i 2023:\nKjapp rapport frå ei veke som syner til fulle korleis det å vere «lokal ombodsmann» frå Sogn og Fjordane matchar perfekt med å arbeide med politikk for Venstre på nasjonalt nivå:\n\n* Onsdag hadde vi høyringsmøte i Næringskomiteen om å forenkle Brukthandelslova for å gjere det enklare å handle brukt, og at det skal gå an å ha ein leveveg av å drive gjenbruksbutikk med kle, redesign etc utan å kræsjlande i eit håplaust tungvint og utdatert regelverk. Saka spring ut av eit representantforslag frå Høgre som eg er såkalla saksordførar for i Næringskomiteen, og...

Alfred-rapport frå Stortinget, veke 2 i 2023:\nKjapp rapport frå ei veke som syner til fulle korleis det å vere «lokal ombodsmann» frå Sogn og Fjordane matchar perfekt med å arbeide med politikk for Venstre på nasjonalt nivå:\n\n* Onsdag hadde vi høyringsmøte i Næringskomiteen om å forenkle Brukthandelslova for å gjere det enklare å handle brukt, og at det skal gå an å ha ein leveveg av å drive gjenbruksbutikk med kle, redesign etc utan å kræsjlande i eit håplaust tungvint og utdatert regelverk. Saka spring ut av eit representantforslag frå Høgre som eg er såkalla saksordførar for i Næringskomiteen, og...

"Noen flytter ut og noen kommer tilbake, og slik har det alltid vært, så det er vel så interessant å se på netto-tallene", var Næringsministerens kommentar til NRK om at mange med store formuer no flyttar ut av landet.\n\nVel - no har eg har spurt Finansministeren, og fått eit godt og grundig svar. Dermed har vi for første gang på bordet nettopp det Næringsministeren meiner er viktig - netto-tala: Sidan Ap/Sp-regjeringa overtok 1. oktober 2021, har 44 personar med formue på over 100 mill NOK flytta ut av Noreg, og berre 6 personar har flytta tilbake. \n\nOg endå viktigare: Dette...

Høyr meir om Venstre-Grunde sitt forslag på NRK Debatten i kveld!

Laster...
Laster...