Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Godt møte mellom Sogn og Fjordane-benken på Stortinget og Nordfjordrådet i dag! Supert at Nordfjord gjer felles sak og møter oss samla! \n\nVi vart oppdatert om og diskuterte ei rad viktige saker for heile regionen: Stad skipstunnel/Stad Ship Tunnel, helsepolitikk, energipolitikk, hamneutvikling, rekruttering og ungdomssatsing (all honnør til dei flinke folka i Nordfjordakademiet og Nordfjord Opplæringskontor) – og Statens Hus-piloten på Nordfjordeid som no verkeleg er i godt driv. \n\nKjekt og nyttig å møtes – og så er det artig at både benkeleiaren vår på Stortinget (Erling Sande) og dagleg leiar i Nordfjordrådet (Elisabeth Hatlenes) – er frå den same vesle bygda på sørsida av Nordfjorden: Davik i Bremanger. Ja, til og med NHO Vestland blir no styrt av ei kvinne herfrå (Helene Frihammer).. Så no trur eg Davik snart har like mykje makt samla i bygda som i storheits-tida på 1700- og 1800-talet! Stad Vekst Måløy Vekst

Postet:
2023-01-23 19:58:05

Delt innhold:
Photos from Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre's post