Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Reisebrev frå Vestlandet, veke 4/2023: Stavanger, Ålesund, Ørsta og Bergen \n\nVeke 4 var såkalla «møtefri veke» på Stortinget. Det betyr eigentleg nøyaktig det motsette: Det betyr fleire møte enn nokonsinne - men sidan sjølve Stortinget har pause, ein kan kome seg rundt om i landet og møte folk og bedrifter andre stader. Eg brukte veka til ein reiserunde på Vestlandet for å besøke lokale Venstre-lag og «ta temperaturen» på næringslivet. Her er eit lynkjapt reisebrev!\n\nStavanger\nStavanger har i 50 år vore oljebyen. No er Stavanger i ferd med å omstille seg til ei fornybar framtid.\n\nStavanger Venstre og ordførarkandidat Mette Vabø tok meg med på besøk til FOMO Works på Forus – kanskje dei råaste coworking-bygga i heile Norden. Her, i eit tidlegare Statoil/Equinor-bygg som er fornya til det ugjenkjennelige, held 170 grøne framtidsbedrifter med over 1200 tilsette til, fordelt på til saman 50.000 kvadratmeter. I bygg som ser meir ut som eit hotell med store lounge-område enn eit tradisjonelt kontorbygg, og der bedrifter som driv med olje&gass rett og slett ikkje får leige lokale. Fordi bygget og bedriftene her skal peike ut vegen mot framtida for Stavanger-regionen, ikkje veghen mot fortida.\n\nVi besøkte ei av dei mange raskt veksande startup-bedriftene i FOMO: Ladeselskapet Amina Charging, eit gründer-selskap starta i november 2021 og som berre 14 månader seinare har over 30 tilsette, har kontrakter i 100-millionersklassen og er i ferd med å rulle ut sine smarte og rimelige elbil-ladarar over heile Noreg og i mange andre land. \n\nAmina-gjengen ser lyst på framtida, men har no i likskap med fleire andre bedrifter i FOMO fått eit uventa problem: Akkurat i det alt låg til rette for å «gire opp» for alvor i å tilsetje fleire folk frå oljen i fornybare bedrifter, gjer den vanvittig lukrative olje-skattepakken som Ap, Sp og Frp trumfa igjennom i Stortinget i 2021 at det no er ein ny, siste «olje-boost» i Stavanger – som forseinkar omstillinga og svekkar vekst-mulighetene til grøne framtidsbedrifter som Amina. Det er alvorleg, og noko vi må gjere alt vi kan for å bremse skadeverknadene av i tida som kjem.\n\nVi besøkte også bryggeriet Salikatt (sjå eigen post) og Stavanger Universitetssjukehus – og hadde medlemsmøte i Stavanger Venstre på kveldstid, med topp stemning!\n\nÅlesund\nI Ålesund besøkte eg, saman med Møre og Romsdal Venstre, Flakk-gruppen og konsernsjef Knut Flakk, for å få innsikt i korleis den spinnville nærings-skattepolitikken til Ap/Sp-regjeringa slår ut for ei typisk sunnmørsk familiebedrift. For det ER verkeleg Flakk-gruppen: Starta tilbake i 1933 med å lage barnevogner (!), og er 90 år seinare eit milliard-konsern der 3. og 4. generasjon Flakk driv med alt frå avansert material-teknologi til reiseliv (62 grader Nord, Hotel Union Øye, Brosundet, Storfjord Hotell mm), tekstil (Devold of Norway) – og hydrogen (Norwegian Hydrogen).\n\nKnut Flakk sin bodskap var krystallklar: Ap/Sp-regjeringa held no på å øydelegge grunnlaget for å kunne bygge og utvikle lokalt eigde familiebedrifter i distrikts-Noreg. Dei har fått skattebyrden sin i form av formues- og utbyteskatt dobla på berre to år – medan utanlandskeigde konkurrentar «går fri» - og regjeringa gir klar beskjed om at dei heller vil ha meir statleg, sentralisert eigarskap i framtidsnæringar som hydrogen, enn å støtte opp under dei private bedriftene i distrikts-Noreg som har satsa på det same. Samtidig opplever dei at alle våre naboland – Sverige, Danmark og Tyskland – er meir på hogget etter å ta i bruk og bygge ut infrastruktur for hydrogen enn Noreg. Vi er i ferd med å kome for seint ut av startgropa på eit område der alt eigentleg låg til rette for at Noreg og det vestlandske kystnæringslivet skulle vere verdsleiande: Maritim hydrogen.\n\nEin tydeleg, og alvorleg bodskap som eg har høyrt på liknande vis frå haugevis av andre små og store bedrifter på Vestlandet og kysten elles dei siste månadene: Med dagens regjering brenn det eit blått lys for det tradisjonelle familieeigde Vestlands- og kyst-næringslivet. Dei har tilsynelatande ingen plass i Finansminister Vedum sitt framtids-Noreg.\n\nØrsta\nI Ørsta var eg med Venstre-laga på Søre Sunnmøre på jobbmesse retta spesielt mot flyktningar og innvandrar som står utanfor arbeidslivet på Sunnmøre. Bakteppet er at 1 av 3 personar med utanlandsk bakgrunn i kommunane på Søre Sunnmøre står utanfor arbeidslivet – fleire hundre menneske – samtidig som næringslivet manglar folk. Å få til «match» her, er noko av det enklaste og viktigaste som kan gjerast både for å hjelpe folk til eit betre liv, stat og kommuner til å spare pengar – og næringslivet til å vekse og utvikle seg. \n\nFor som NAV sin «talknusar» sa det på møtet: Talet på personar som står utanfor arbeidslivet kan høyres overveldande ut – men det er faktisk ikkje verre enn at dersom kvar bedrift/arbeidsgivar med over 10 tilsette i regionen kan ta inn 1 person som i dag står utanfor, så er heile køen vekk! Då må barrierene for å kunne ta imot folk bli lågare – terskelen for å kome inn i arbeidslivet må ikkje vere så høg at dei med utanlandsk bakgrunn aldri slepp til.\n\nEit strålande arrangement i regi av NAV-kontora og næringslivet i Ørsta, Volda, Herøy, Hareid og Ulstein – med stappfullt hus (350 personar) og full klaff! Og stor honnør til dei lokale Venstre-laga, som stilte opp og var med som einaste politiske parti.\n\nBergen\nBergen er alltid og til alle tider noko for seg sjølv – denne gongen vart det både morgonbad og badstu i Puddefjorden og feiring av Persetorskens dag på Rådhuset (finst det noko bergensarar ikkje er i stand til å lage ei feiring av?), gode møte med Bergen Næringsråd, NHO Vestlandet, Bergen Havn, GCE Ocean Technology og mykje anna. \n\nMen for ikkje å fylle opp heile Facebook, la meg her trekke fram eitt spesielt interessant besøk som Bergen Venstre sin Byutviklings-byråd Ingrid Fjeldstad tok meg med på: Grunder-bedrifta Envir A/S på Laksevåg, som behandlar forureina masser på ein moderne og miljøvennlig måte – og gjer det mulig å gjenbruke masser i staden for å gøyme dei vekk på enorme deponi, slik vi gjer altfor mykje av i dag.\n\nNår Envir seinare i år opnar eit heilt nytt og unikt vaskeanlegg for forurensa masser, vil så mykje som 80 % av massene dei får inn kunne gjenbrukast. Det vil spare natur og miljø for enorme belastingar. Dette er rett og slett det nye honnørordet «sirkulærøkonomi» i praksis! Envir sitt fremste ønske til oss politikarar? At vi er tøffare og tydelegare til å stille krav om gjenbruk og sirkularitet i bygg- og anleggsbransjen: Pr i dag er det statleg regelverk som «heng etter» - medan næringslivet er klart til å levere nye løysingar som er betre for klima, natur og miljø.\n\nOj! Dette vart langt, og endå er dette berre små smakebitar av min mini-Vestlandsturne i Stortingets «møtefrie» veke: Mykje meir kunne ha vore fortalt og sagt, også om Venstre-lag i god driv og med stor tru på valkampen langs heile Vestlandet. \n\nOg så skulle eg ønskje at dei som no sit ved makta brukte meir tid ute blant folk og bedrifter som dei eg møtte på mi rundreise – og frå no av kan vere med å gjere det lettare for næringslivet på Vestlandet å lede an i det grøne skiftet - ikkje berre gjere det vanskelegare. Venstre og eg skal i alle fall ta den kampen vidare – Vestlandet er klar til å levere framtida!

Postet:
2023-01-30 21:48:55

Delt innhold:
Photos from Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre's post