Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
«Heretter heiter det vi»: Tida er inne for Team Vestlandet!\n\nStor honnør til Jan Erik Kjerpeseth, Siren Sundland &co i Sparebanken Vest, som har gjort Vestlandskonferansen til Vestlandets største og viktigaste møteplass for næringsliv, samfunnsutvikling og politikk. I år større og betre enn nokon gong med 1600 samla i Grieghallen og eit imponerande program.\n\nBodskapen frå dagen var krystallklar: I møte med klimakrise, energikrise og økonomiske utfordringar, må tida for småkjekling og «kamp mot naboen» vere forbi. No må vi stå saman og handle raskt for å omstille energibruk og økonomi – både i verda, Europa og i Noreg. Vestlandet kan og bør gå føre. Steg nr 1 er å samle Vestlandet frå Rogaland i sør til Møre og Romsdal i nord til «Team Vestlandet».\n\nEi fryd å vere til stades i Grieghallen i dag, både for fagleg påfyll og møte med mange hyggelege og dyktige folk. Det Sparebanken Vest driv med her, er rett og slett lagbygging for framtida!

Postet:
2023-02-14 23:48:26

Delt innhold:
Photos from Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre's post