Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
"Noen flytter ut og noen kommer tilbake, og slik har det alltid vært, så det er vel så interessant å se på netto-tallene", var Næringsministerens kommentar til NRK om at mange med store formuer no flyttar ut av landet.\n\nVel - no har eg har spurt Finansministeren, og fått eit godt og grundig svar. Dermed har vi for første gang på bordet nettopp det Næringsministeren meiner er viktig - netto-tala: Sidan Ap/Sp-regjeringa overtok 1. oktober 2021, har 44 personar med formue på over 100 mill NOK flytta ut av Noreg, og berre 6 personar har flytta tilbake. \n\nOg endå viktigare: Dette er berre toppen av isfjellet. Bak talet på dei som flyttar, skjuler det seg mange, mange fleire vanlege bedriftseigarar og investorar som flyttar investeringar bort frå aktivt eigarskap i norske bedrifter på grunn av eit stadig høgare og meir uforutsigbart skattetrykk. \n\nDette er det ingen grunn til å bagatellisere, og det er eit felles politisk ansvar å rydde opp i det. Skal vi ta Noreg framover inn i ei ny tid, så må vi ha "musklar" til å investere MEIR i grøn omstilling i små og store bedrifter i heile landet, ikkje mindre. Eg håpar dei tala Venstre no har fått fram, og Finansavisen skriv om her, kan få denne debatten inn i eit meir konstruktivt spor.

Postet:
2023-01-13 15:17:50

Delt innhold:
– Slutt å bagatellisere
– Nå må det bli slutt på at regjeringen bagatelliserer de rikes skatteflukt ut av landet. Det vil bli alvorlig for norsk økonomi og velferd, raser Venstres Alfred Bjørlo. +