Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Grüne Woche i Berlin! Verdas største mat- og landbruksmesse, men paviljongar frå nær 100 land og titusenvis av besøkande. \n\nVi i Næringskomiteen var med på opninga av den flotte norske paviljongen - som i år løftar spesielt fram kvalitetsmat frå Fjord-Noreg og Trøndelag, med mange småprodusentar på plass - herunder lokale bedrifter som Kandal Kjøtt og Gardsbrenneriet. Spesiell ros til Innovasjon Norge for å ha kobla mat og reiseliv så tett. Det er ein kombinasjon vi kan få mykje meir verdiskaping ut av i framtida! \n\nOg mange spennande smakar frå heile verda rundt om i dei enorme hallane - særleg kjekt for ein insektbiolog å sjå at insekt no er eit sjølvsagt innslag på ei matmesse!

Postet:
2023-01-20 13:37:39

Delt innhold:
Photos from Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre's post