Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Møt handverksbryggeriet Salikatt i Stavanger: Ei av Noregs beste bedrifter i ein bransje som ikkje får lov å fortelje kven dei er og kva dei driv med!\n\nOver heile landet har det vakse fram lokaleigde handverksbryggeri og siderprodusentar som tar opp kampen med dei store internasjonale gigantane på øl og vin, lagar produkt av høg kvalitet og skapar arbeidsplassar og aktivitet lokalt.\n\nLikevel har vi stelt oss slik her i landet at dei i praksis ikkje får lov å fortelje folk kva dei driv med.\n\nBetalt alkoholreklame er forbode i Noreg og likt for alle. Det er ok. Men medan dei store drikkevare-gigantane har haugevis av andre måtar å nå ut på (m a «kjøpe seg plass» på utestadar, bygge eigne merkevarer på alkoholfrie produkt etc) – så er dei små handverksbryggeria og siderprodusentane i ein håplaus skvis. Myndigheitene har bestemt at dei ikkje får legge ut informasjon om det dei driv med på eigne nettsider eller på sosiale media – som no er den suverent viktigaste kanalen for å nå ut med informasjon.\n\nDersom f eks Salikatt no godtar og deler den tagginga eg har lagt i dette innlegget – ja, då bryt dei lova og får bot. Dei kan ikkje legge ut foto av eigne tilsette inne i lokalet (uansett om du ikkje ser ein dråpe øl på fotoet), dei tilsette kan ikkje legge ut noko som omtaler sin eigen arbeidsplass positivt på sin private Facebook- eller Instagram-konto – dei kan ikkje legge ut «nøytral produktomtale» på si eiga nettside (slik f eks Vinmonopolet gjer), og så vidare.\n\nSærleg alvorleg er dette for eit super-handverksbryggeri som Salikatt, som no også merkar aukande etterspurnad i utlandet etter sine norske kvalitetsøl – men ikkje kan gi utanlandske kunder tilgang til informasjon om kven dei er og kva dei driv med..\n\nDette er tullete og utdatert regelverk, som Venstre vil rydde opp i. Og dersom Sp og Ap meiner alvor med at dei er så opptatt av folk flest og at det ikkje er sant at dei er imot bedrifter som skaper verdiar i det små over heile landet – vel – så er det berre å vere med oss på det.\n\nVi skal i alle fall ta kampen for Salikatt: Takk til Stavanger Venstre og Venstres ordførarkandidat Mette Vabø for å engasjere seg for lokale bedrifter – og til grunder Bjarte Halvorsen og co for triveleg besøk! Og sidan Bjarte ikkje kan seie det sjølv, kan eg gjere det: Sjå etter Salikatt sine øl neste gong du er innom polet, og test dei ut!

Postet:
2023-01-25 10:44:07

Delt innhold:
Photos from Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre's post