Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Reiserapport frå Brussel, EU og NATO – i ei verd på vippepunktet\n\nHeime etter ei intens og tettpakka veke i Brussel med ein tverrpolitisk delegasjon frå Stortinget (V, H, Ap, Frp, Sp, SV, MDG og Rødt). Sit att med mykje ny kunnskap, men endå fleire refleksjonar og tankar. Lynkjapp oppsummering av veka:\n\n* Besøksdag i «Norway House», der den norske ambassaden, Norges delegasjon til EU og mange norske organisasjonar og bedrifter sit samla rett over gata for EU-kommisjonen sitt hovudkvarter. Møte og orienteringar med Noregs ambassadør til EU og fleire av våre norske «spesialutsendingar»/fagrådar til EU på ulike politikkområde – som energi, næring, miljø, arbeidslivs-/sosialpolitikk og forsvar\n\n* Besøksdag i «EFTA House», der alle dei norske insitusjonane knytt til EFTA og EØS-samarbeidet sit samla: EFTA, EFTA sitt overvakingsorgan ESA, dei som administrerar EØS-midlane til land i Aust-Europa (FMO) og EFTA-domstolen – pluss møte med representant for EU-kommisjonen sitt «energidepartement» og ein av våre mange nasjonale ekspertar plassert i EU-kommisjonen (Siri Hauge, nasjonal ekspert på helseberedskap)\n\n* Omvising og møte i EU-parlamentet, både fellesmøte for delegasjonen og separate møte med folkevalde frå våre søsterparti i EU-parlamentet. Eg hadde møte med kollegaer frå Venstre sine søsterparti Radikale Venstre i Danmark (Morten Helveg Petersen) og Liberalarna i Sverige (Karin Karlsbro), pluss møte med dei liberale sentrumspartia sin «paraplyorganisasjon» i EU-parlamentet: Renew Europe. (Vi var 1 ½ dag i EU-parlamentet – på dag 2 var vi så heldige å vere der når Ukraina-president Zelenskyj talte, sjå eigen post om det)\n\n* Møte med NHO Brussel, LO og Vest-Norges Brusselkontor / West Norway Office, middag med norske bedrifter i Brussel, og felles mottaking/møte med heile det norske miljøet i Brussel\n\n* Besøk i NATO sitt hovudkvarter, der vi møtte m a Noregs NATO-ambassadør Anita Nergaard, forsvarsråd Morten Rognmo og sjef for Noregs Militærmisjon i Brussel og vår representant i NATOs militærkomité, viseadmiral Lousie Dedichen – og representantar for NATO-sekretariatet og staben til generalsekretæren (Stoltenberg sjølv var i USA).\n\nAlt saman ypperlig organisert og lagt til rette av Stortinget si internasjonale avdeling – som er heilt uvurderlege for at det skal vere mulig som norsk folkevald å arbeide effektivt og kunnskapsbasert opp mot EU og institusjonane i Brussel.\n\n---\n\nKva eg sit att med? Umiddelbart etter heimkomst vil eg i alle fall seie følgjande:\n\n1. Europa (det vil for alle praktiske formål seie EU, som no er 27 land og 450 millionar innbyggjarar) knyter seg tettare saman i eit enormt tempo. Politikkområde som forsvar, energi, handel/næring og klima/miljø blir tilsvarande stadig meir samanvevd. Dynamikken som har skjedd i EU etter Brexit, pandemien og Russland sin storskala-invasjon i Ukraina, har vi enno ikkje tatt skikkeleg inn over oss i Noreg.\n\n2. Det framstår som ein stadig meir spinnvill idé å seie opp EØS-avtalen til fordel for ei lausare, meir avgrensa samarbeidsavtale med EU a la Storbritannia eller Sveits – mellom anna pga at EØS-avtalen sikrar oss tilgang til alle EU sine program innanfor forsking, innovasjon og næring, noko som vil bli heilt avgjerande for Noreg i åra framover\n\n3. EØS-avtalen framstår som ein stadig meir naudsynt, men likevel stadig meir «utilstrekkeleg» avtale med EU for å sikre norske interesser. Vi står utanfor EU sin felles handelspolitikk (som blir stadig viktigare), vi er i ferd med å ramle utanfor på viktige næringsområde for Noreg som space/forsvar, og vi må kome langt tettare på EU i utforming av felles politikk på energi, klima, sirkulærøkonomi, digitale rettar for innbyggjarane, samfunnstryggleik, helseberedskap og mange andre område. Og i påvente av å få «sitje rundt bordet», må vi nytte alle høve vi har til å vere til stades FØR viktige avgjerder i EU blir tatt (som EØS-avtalen heldigvis gir oss langt større høve til enn utanforland som Stortbritannia og Sveits)\n\n4. Energi-omlegginga i retning fornybart held fram i enormt tempo i EU – er snarare forsterka enn forseinka som følgje av Ukraina-krigen. Og Noreg blir sett på som ein del av ein felles energipolitikk i Europa både «på godt og vondt». Vi kan ikkje berre drive cherry-picking med å selje norsk gass til Europa til ekstrem-prisar, samtidig som vi «melder oss ut» på område der vi berre vil vere oss sjølve nok (Men viktig: Vi har samtidig god nok råd til å kompensere høgare el-prisar som følgje av dette og finansiere energisparetiltak betydeleg betre både til hushaldningar og bedrifter. Det er opp til oss nasjonalt, og ingen utanfrå som legg seg opp i)\n\n5. Det er ei oppleving av alvor og «nærleik» til krigen for EU-fellesskapet som eg enno ikkje opplever vi har på same måte i Noreg. EU har tatt ei leiande rolle i både sanksjonar, våpenbistand, flyktningemottak og ikkje minst ei krevjande og tøff omlegging av energiforsyninga i Europa for å hjelpe Ukraina å vinne krigen mot Russland.\n\n6. «Det tryggleikspolitiske frikvarteret i verda er over» (sitat Noregs NATO-ambassadør Anita Nergaard). Vi har no to mektige militærmakter/økonomiar – Russland og Kina – som begge utfordrar grunnleggande verdiar som demokrati, menneskerettar og folkerettslege reglar – med heile verda som «kamparena». Det betyr at NATO-fellesskapet er viktigare enn nokon gong sidan den kalde krigen – og at vi må knyte sterkare band til demokrati og «rettsstatar» elles i verda – samtidig som også vi i Noreg må vere innstilt på å auke våre løyvingar til forsvaret raskt og kraftig (vi er eitt av få NATO-land som verken i dag oppfyller 2%-målet eller har ein plan for å kome dit).\n\n--\nOppsummert: Uansett om vi likar det eller ikkje – i ei tid med krig i Europa, klimakrise og ein stadig meir spent global tryggleik – så er det nødvendig for oss i Noreg å vere så «tett på» Europa og fellesskapet i EU som vi kan. Det neste tiåret blir avgjerande for kva retning verda skal ta: Om demokratiet sine verdiar skal vinne over stadig meir aggresive diktatur, og om vi skal klare å bremse klimaendringane i det korte tidsvindauget vi har att.\n\nSteg nr 1 er å prøve å forstå verda rundt oss så godt vi kan. Denne veka i Brussel har bidrege sterkt til det for min del.

Postet:
2023-02-12 13:53:57

Delt innhold:
Photos from Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre's post