Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Torsdag 2. februar hadde eg interpellasjon i Stortinget om dei galopperande prisane på daglegvarer. Her kan du sjå og lese mitt opningsinnlegg.\n\n---\nInterpellasjonsdebatt i Stortinget 2/2-23: Opningsinnlegg av interpellant Alfred Bjørlo (Venstre)\n \nPresident,\n«Makt korrumperer, og absolutt makt korrumperer absolutt», sa den britiske politikaren Lord Acton i 1877. Oversett til klarspråk: Når for mykje makt er samla på for få hender, må vi sørge for å spreie makt og fordele makt – før det er for seint. \n\nPresident, eg trur alle i denne salen er enige om at det sitatet frå 1877 er ei ganske treffande skildring av norsk daglegvaremarknad i 2023. Og daglegvaremarknaden er ikkje ein kva som helst slags marknad. Den handlar om dagleglivet til folk flest – om privatøkonomien til folk flest – over heile landet – frå vogge til grav – uansett om du er uføretrygda eller kakserik. Det handlar om ein marknad med ein verdi på over 200 milliardar kroner, dominert totalt av tre store aktørar som også kontrollerer mykje av distribusjonen og betydelege deler av verdikjeden elles, og med sterke og mektige aktørar også i leverandørleddet av daglegvarer. \n\nVi snakkar om ein bransje der nokon seier at «Konkurransen er beinhard» mellom dei tre store kjedene – samtidig som vi veit at dei tre kjedene har fått varsel frå Konkurransetilsynet om gebyr på svimlande 21 milliarder kroner – for å ha eit prissamarbeid som ifølge Konkurransetilsynet kan ha svekka konkurransen og ført til høgare daglegvareprisar.\n\nPresident dette er ikkje dagen og forumet for å avgjere kven som har rett i den pågåande tvisten mellom Konkurransetilsynet og dei tre store dagligvarekjedene, men uansett er det eit uomtvistelig faktum at prisane GÅR opp – kraftig. Seinast i den førehandsvarsla prisveksten ute i mange butikkar i går. \n\nPresident, no har folk flest fått nok. Slik kan vi ikkje ha det lenger. Venstre meiner at dersom vi skal gi folk meir å rutte med i ei krevande tid, så må vi få sunnare konkurranse – og meir konkurranse – i daglegvaremarknaden. Makt avlar makt. Meir makt til nokon få betyr mindre makt til alle andre. \n\nPresident, eg merkar med den 10-punktslista Næringsministeren har lansert opp til fleire gonger den siste veka for meir konkurranse i daglegvaremarknaden. Det er mange punkt der eg og Venstre er enig i. Men det nesten komiske er at mange av punkta er nær identiske med det Stortinget allereie har pålagt regjeringa å gjere – heilt tilbake i mai 2022 – og som regjeringa burde ha satt i verk rask oppfølging av for lengst. Strategien til Næringsministeren ser ut til å ha vore å ligge stille som gjedda i sivet heile sommaren og hausten 2022, før han rundt juletider plutseleg spratt opp og lanserte Stortinget sine gamle idear som regjeringa sine splitter nye, ei resirkulert julegåve til det norske folk pakka inn som ei flunkande ny. Og på toppen av alt: Selt ut på nytt i media som nye tiltak endå ein gong no på nyåret 2023, i form av ei ny 10-punktsliste med gammal politikk. \n\nPresident, resirkulering og gjenbruk er for så vidt bra. Og næringsministeren skal få skryt av å leie an i den nye sirkulærøkonomien når det gjeld dagligvarepolitikk, men i dette tilfellet er det ikkje nok. No må vi ha framdrift. No må skjerpingar av Konkurranselova, forbod mot å hindre konkurrentar i å bruke butikklokale, merkeordningar for EMV medmeir på plass – raskt. Ingen av dei meir enn 10 punkta Stortinget vedtok i mai 2022 for betre konkurranse på daglegvaremarkanden er så langt eg er kjent med enno på plass. På dei fleste punkta er enno utgreiingane så vidt i gang, ni månader seinare. \n\nSamtidig durar regjeringa på med nye tiltak som går i stikk motsatt retning. Regjeringa har mellom anna varsla at dei fjerne dei konkurransestimulerande tiltaka i meierisektoren. Det vil gjere det vanskelegare for utfordrarar som Synnøve Finden, Q-meieriene og Rørosmeieriet å konkurrere med giganten Tine, og gi dårlegare utval og høgare prisar på meieriprodukt ute i butikk. Både Landbruksdirektoratet og Konkurransetilsynet har sagt tydeleg frå om at dette er ein veldig dårleg idé – og ein endå verre ide enn vanleg i dei tidene vi no er inne i, sidan meieriprodukt utgjer så mykje som 15% av handlekorga til ein vanleg forbrukar. \n\nSå når det gjeld Senterpartiet si kampsak om å beskytte Tine mot plagsam konkurranse i meierisektoren, håpar eg at Næringsministeren – som eg veit er oppriktig opptatt av meir konkurranse, ikkje mindre - rett og slett kan setje ned foten og seie stopp. Første sjans til å gjere det, er her og no.\n\nPresident, eg ser fram til statsrådens svar og debatten vidare, og vil til slutt stille det spørsmålet som er utgangspunktet for interpellasjonen: Kva er statsråden sin tidsplan for å følgje opp Stortinget sine vedtak for å få ned prisane på daglegvarer, og kva nye initiativ og politiske grep meiner statsråden må til for å få ein betre fungerande daglegvaremarknad i Noreg?

Postet:
2023-02-07 11:00:24