Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Smartare utnytting av avfall: Eit kinderegg som kuttar klimautslepp, skaper ny næringsaktivitet – og kan vere ei av dei løysingane som monnar og virkar raskt for å avlaste eit pressa straumnett.\n\nI dag besøkte eg Eidsiva Bioenergi sitt anlegg på Hamar, som er Noregs tredje største fjernvarmeanlegg og gir industribedrifter og andre kundar i Hamar-regionen eit miljøvenleg, fullgodt alternativ til elektrisitet som oppvarming.\n\nNo er Eidsiva Bioenergi og tilsvarande anlegg landet rundt i trøbbel, på grunn av at ei for svakt innretta norsk avfallsavgift gjer det meir lønnsamt å eksportere avfall til Sverige. Det er det fullt mulig å gjere noko med, ved å rette opp det norske avgiftsystemet og tette holet som gjer avfalls-eksport lønnsomt, slik Norsk Fjernvarme i dag la fram ypperleg dokumentasjon på i ein ny rapport.\n\nVenstre vil ta denne saka vidare på Stortinget. Å få fiksa opp eit litt skakkøyrt avgiftssystem på avfall er rett og slett sunn fornuft, og god klima- og næringspolitikk! Og då er Eidsiva klare til også å fange CO2, og dermed fjerne over 100.000 tonn CO2-utslepp frå dette anlegget åleine. Samla mulige kutt ved norske avfallsanlegg er endå mykje større enn det.\n\nTakk til Norsk Fjernvarme-sjef Trygve Mellvang Tomren-Berg, Eidsiva-sjef Marit Storvik og alle hennar engasjerte medarbeidarar, og andre som var til stades. Eit flott og inspirerande besøk på Hamar i dag – den vidare politiske jobben må vi klare å løyse!

Postet:
2023-01-16 21:41:09

Delt innhold:
Fotos von Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstres Beitrag