Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre

Parti: V

Innlegg:
I dag kjem Ukraina sin president Volodymyr Zelenskyj til Brussel for å møte leiarane i alle EU-landa. Om få timar skal han tale til 700 folkevalde frå 27 land i bygningen bak meg og Elise Tingvoll frå Brussel Venstre på fotoet: EU-parlamentet.\n\nTilfellet vil det slik at eg og 11 andre stortingsrepresentantar frå mange parti denne veka er i Brussel for å lære meir om NATO og EU. Og i dag – akkurat når Zelenskyj held si tale til EU-parlamentet – er vi på same stad – i EU-parlamentet.\n\nSidan Noreg har vald å stå utanfor det stadig tettare politiske samarbeidet i Europa, får vi neppe kome inn i salen saman med folkevalde frå Europa elles. Men vi er i alle fall så tett på den historiske hendinga som nokon frå utanforlandet Noreg kan håpe på å kome. Og kjenne på alvoret – og betydinga av at Europa sine demokrati no står samla mot diktaturet.\n\nFor uansett om vi er med i EU eller ikkje, kan også vi i Noreg gjere ein skilnad. Vi må stille opp for Ukraina på alle måtar som no er nødvendig. Også militært. Eg er glad for at regjeringa har gitt grønt lys til at Noreg skal stille opp med stridsvogner til Ukraina, og denne veka også har lagt 75 milliardar på bordet og tatt initiativ til eit breitt politisk forlik om ein langvarig hjelpepakke til Ukraina – inkludert betydelege midlar til våpenkjøp.\n\nI dag vil Zelenskyj be Europa sine demokrati om meir og raskare militær hjelp, mot eit Russland som vil knuse Zelenskyj sitt folk. Det bør Noreg vere opne for – i tett rådslag med våre allierte i EU, Storbritannia og USA.\n\nÅ vere i Brussel desse dagane og sjå historie spele seg ut rett framfor eigne auge, gjer djupt inntrykk. Vi er ikkje i blinde krefters vald. Det vi gjer, betyr noko. Dei fleste andre land i Europa har tatt ein annan konsekvens av det enn Noreg, og sit no rundt same bord og formar ei felles framtid. \n\nVi må enn så lenge gjere vårt – og vere så tett på våre europeiske vener og samarbeidspartnarar som råd er.\n\nAkkurat no er det sjølve fridomen som står på spel. Slava Ukraini! 🇳🇴🇪🇺🇺🇦 Venstre Stortinget

Postet:
2023-02-09 07:32:41

Delt innhold: