Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
I dag kom Næringskomiteen på Stortinget til London for å «ta temperaturen» på Storbritannia etter Brexit og vere med å arbeide fram nye grøne eksportmulegheiter for norsk næringsliv. Og ca det første som møtte oss på den norske ambassaden var dette! Innovasjon Norge-sjef i London, Hilde Hukkelberg, trekk fram Lefdal Mine Datacenter i Nordfjord som eitt av dei største og viktigaste prosjekta dei har vore med å løfte fram internasjonalt dei siste åra.\n\nHilde og Innovasjon Norge har vore med på laget for å få realisert draumen om eitt av Europas største og grønaste datasenter i Lefdal saman med Sindre Kvalheim&co heilt sidan 2010. Og no skjer det for alvor - samtidig som prosjektet har skapt verdiar for mange hundre millionar kroner lokalt og det for tida er ca 100 personar i arbeid inne i fjellet. Ho skryt uhemma av kor unikt, innovativt og kjekt å jobbe saman med som Måløy-miljøet er: Rett og slett eit mini-Silicon Valley på kysten av Vestlandet! \n\nSlikt blir ein både stolt og glad over å høyre! La det vere til inspirasjon til alle rundt om i Noreg som ser moglegheitene i teknologi og skjerpa krav til miljø og berekraft i alle bransjar. Då er alt mulig, og både fjellet og heile verda kan opne seg!

Postet:
2023-01-18 19:06:59

Delt innhold:
Photos from Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre's post