Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Alfred-rapport frå Stortinget, veke 2 i 2023:\nKjapp rapport frå ei veke som syner til fulle korleis det å vere «lokal ombodsmann» frå Sogn og Fjordane matchar perfekt med å arbeide med politikk for Venstre på nasjonalt nivå:\n\n* Onsdag hadde vi høyringsmøte i Næringskomiteen om å forenkle Brukthandelslova for å gjere det enklare å handle brukt, og at det skal gå an å ha ein leveveg av å drive gjenbruksbutikk med kle, redesign etc utan å kræsjlande i eit håplaust tungvint og utdatert regelverk. Saka spring ut av eit representantforslag frå Høgre som eg er såkalla saksordførar for i Næringskomiteen, og på den offisielle høyringa fekk vi (etter litt om og men) lov å sleppe til fyrverkeriet Eva Causchuk frå Sandane i Nordfjord, på vegne av Upscale og 10 andre små gjenbruksbutikkar rundt om i Noreg.\n\nEva si historie «frå golvet» frå ein som har skoa på og veit akkurat kor håplaust utdatert dagens regelverk er, trur eg gjorde inntrykk på heile Næringskomiteen. No MÅ vi få rydda opp. Vi treng meir gjenbruk, redesign og mindre bruk/kast av kle og alle andre kvardags-ting. Då kan ikkje fortidas stivbeinte regelverk for å hindre bruktbil-heleri stå i vegen (det kan vi regulere på anna måte).\n\n* Torsdag møtte Sogn og Fjordane-benken UWC Red Cross Nordic United World College i Fjaler for å starte arbeidet med å legge ein langsiktig plan for å sikre økonomien til skulen, og sterkare politisk forankring for denne heilt unike skulen i alle dei nordiske landa. Her må det jobbast på tvers av politiske parti og på tvers av landegrenser i Norden. Dette er ei sak alle vi fire på Sogn og Fjordane-benken engasjerer oss i og vil samarbeide om.\n\nOg ein masse andre kjekke ting har skjedd i tillegg: Vi har hatt to dagers strategiseminar i Venstre si stortingsgruppe ved inngangen til det nye året, mellom anna med foredrag av Næringslivets Hovedorganisasjon sin dyktige sjefsøkonomi Øystein Dørum. Eg har stilt spørjetimespørsmål til olje- og energiministeren om korleis vi kan få mest mulig lokal verdiskaping langs kysten av Noreg i den storstilte utbygginga av ny offshore vind som no står for døra, vi har hatt innspelsmøte om Venstre sitt representantforslag om ein betre politikk for dei fyrste 1001 dagane i eit barn sitt liv (svangerskapet og dei første leveåra), kveldssamling på Stortinget med Ukraina-seminar for over 100 medlemmer i Viken Venstre, eit veldig hyggeleg kveldstreff i Stortingets ølklubb som ga sjans til å bli kjend med nye kollegaer (vi betalte ølet sjølv altså, ingen skandaler her), vi har hatt grunnlovs-handsaming som tok såpass kort tid at eg fekk tid til ei spontan omvising på Stortinget med lokale folk på Oslo-besøk (Ingeborg Sol Fure) - og andre små og store saker som også har gitt merksemd i media om daglegvareprisar, skatte-trykket for norske bedrifter med meir.\n\nSå no er vi i gang med eit nytt år for alvor. I morgon er det tur til Hamar med betre bruk av avfall som tema (sirkulærøkonomi). Tysdag er det debatt om hamnene og sjøtransporten sin plass i framtidas transportsystem, og onsdag reiser Næringskomiteen ut på tur mellom anna for å representere Noreg i Grüne Woche i Berlin saman med Landbruksministeren og mange flotte mat-bedrifter frå Trøndelag og Vestlandet. \n\nGod søndagskveld vidare, og ei fin ny veke!

Postet:
2023-01-15 22:12:14

Delt innhold:
Photos from Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre's post