Beta
Søket ga 333 treff.

Stortinget har vedtatt å opprette eit Eigarskapsregister for å stoppe kvitvasking, korrupsjon og hindre at russiske oligarkar og andre "skjulte krefter" eig norske bedrifter og verdiar.\n\nNo kuttar regjeringa bevilgningane til å gjere Eigarskapsregisteret ferdig i 2023, slik at det faktisk kan brukast og ikkje berre vere "til pynt". Venstre er saman med Høgre, SV, Rødt, Økokrimforeninga, Norges Presseforbund og mange andre krystallklare på at Eigarskapsregisteret må fullførast raskast råd!

ME er ein sjukdom som påfører dei som vert råka og familiane deira store lidingar - og er ein sjukdom samfunnet har forsømt å møte på ein god nok måte. Historiene om ME-ramma som har blitt svikta og mistenkeleggjort av det offentlege Noreg er mange og vonde. \n\nDenne veka var ME tema på Stortinget. Venstre var saman med Ap, SV, Sp, Raudt, MDG og Krf ein del av fleirtalet som no har slått krystallklart fast at ME-sjuke ikkje lenger skal bli diskriminert i trygdesystemet, og ikkje pålagt behandling som anten ikkje finst, eller i verste fall gjer sjukdomen endå verre....

Ei regjering for dei få: Vi har ei regjering som berre vil snakke med dei store og mektige i sin eigen maktsirkel – og gjer livet stadig vanskelegare for dei som er på utsida. Særleg går det ut over småbedriftene. Les mitt innlegg i Bergens Tidende her Venstre

6% og Noregs femte største parti i Dagbladet sin rykande ferske gallup! Vel verdt ein skål med Sjefen i kveld! Venstre Guri Melby

Resten av Europa stiller opp for Ukraina med tollfritak - DN avslører no at Noreg i fleire månader har trenert Ukraina sitt ynskje om avtale om tollfridom med EFTA-landa. Dette må fram i lyset - for Venstre er det sjølvsagt at vi skal stille opp for Ukraina

Perfekt å avslutte ei god veke for norsk romfart med å besøke Andøya Space – Norges soleklare «romfarts-hovudstad»! Her vart Norges første rakett skoten opp heilt tilbake i 1962 (Ferdinand) – no er det over 150 tilsette i Andøya Space og framtida for space-miljøet på Andøya og norsk romfartindustri ser lysare ut enn nokonsinne.\n\nNår eg og Andøy Venstre besøkte Andøya Space i dag, dreiv NASA og University of Iowa med dei siste førebuingane til å skyte opp to forskingsrakettar for å få ny kunnskap om nordlyset. Litt lenger sør på øya bygger lokale entrepenørar om dagen Noregs første «romhamn» –...

Andøya i november-lys #andøya #bleik #bleiksøya #børvågen #andenes

Flytande offshore vind: No startar eit nytt, grønt industri-eventyr til havs! Då må vi få HEILE distrikts-næringslivet med.\n\nDenne veka starta straumproduksjonen i det som blir verdas største flytande vindpark, Hywind Tampen i Nordsjøeni regi av Equinor. Det er starten på ei svær, ny maritim nærings-satsing – der Noreg med våre framifrå maritime og offshore kompetansemiljø har alle føresetnader for å bli verdsleiande. \n\nEin ting som då blir viktig, er å klare å «koble på» små og store bedrifter og kompetansemiljø over heile Noreg. Det kjem ikkje av seg sjølv – det må vi arbeide systematisk med.\n\nDifor var det veldig kjekt...

Reiselivsbedriftene som har strekt seg lengst for å halde sine tilsette i jobb under pandemien, og følgt tariffesta rutiner i bransjen med å betale ut januar-lønna i desember - blir no straffa økonomisk av regjeringa. Dette er stivbeint regelrytteri - og etter Venstre sitt syn ikkje slik Stortinget meinte det då vi vedtok ordninga med lønsstøtte. Her må vi rydde opp! NHO Reiseliv E24.no

Vi redda romfarten – i siste liten!\n\nEi litt lang gladhistorie frå kvardagslivet på Stortinget – og om godt samarbeid på tvers i Næringskomiteen (..og litt sunn politisk konkurranse..).\n\nKort oppsummert:\n\nStatsbudsjettet er eit uhorveleg stort dokument (eigentleg 20 store dokument), der «djevelen er i detaljane». Eit par veker etter at regjeringa la fram budsjettet, vart vi gjort merksame på ein slik godt skjult detalj i Næringsdepartementet sitt budsjett: Regjeringa foreslo å kutte kraftig ned – over 1 milliard kroner fram mot 2030 - på dei norske bidraga til det europeiske romfarts-samarbeidet, slik at vi i praksis måtte melde oss ut av alle...

“På rekordtid ble Senterpartiet Kyst-Norges verste fiende. Det er godt gjort.” Presis kommentar om den håplause prosessen og innretninga på ny lakseskatt av sjefredaktør Gunnar Stavrum i Nettavisen

Det må bli lettare, ikkje vanskelegare, å bygge opp bedriftene Noreg skal leve av i framtida! Her er vår "startup-pakke" i Venstre sitt alternative statsbudsjett (som også vil vere bra for eksisterande bedrifter): \n\n- Ingen auke i arbeidsgiveravgifta for inntekter over 750.000 NOK\n- Stoppe skjerping av utbytteskatten\n- Halde oppe aksjerabatten i formueskatten\n- Gjeninnføre skattefri fordel ved ansattes kjøp av aksjar\n- Styrke «Kapitalfunn»-ordninga\n- 1500 fleire studieplasser i teknologifag/realfag\n\nLes heile saka i Shifter

Regjeringa sin arrogante måte å behandle havbruksnæringa på er alvorleg for heile kyst-Noreg, med ringverknader langt utover sjølve havbruksbedriftene. Venstre er villige til å vere med å finne en brei løysing for framtidig havbruksskatt, men med klare krav til regjeringa. Her er vår 5-punktsplan for å kome ut av laksekaoset:\n\n

Florø: Kystby som girar om til ei elektrisk framtid!\n\nFør helga rakk eg eit besøk til Florø, der det gjekk unna i turbo-fart i 22 strake timar med ein entusiastisk gruppeleiar i Kinn Venstre, Jacob Nødseth, som guide saman med andre driftige folk i partilaget vårt.\n\nOg Venstre-folka i Florø (som det har blitt 5 fleire av berre siste veka) har all grunn til å vere entusiastiske. For i Florø skjer det om dagen! Fredag var det høgtideleg opning av byens nye, flotte kollektivterminal nede på Fugleskjærskaia, der buss- og båtruter møtes, med snorklipping, trompetfanfare, taler og marsinpankake som seg hør og...

Den norske regjeringa stiller opp som "veggpryd" i kinesisk propaganda-show der presidentane i Kina og Belarus skal erklære at dei to diktatura er "jernbrødre". Slik kan vi rett og slett ikkje drive på. Sjå mine kommentarar i Dagbladet på vegne av Venstre her

Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe vil ha fleire norske teknologar - og kuttar samtidig 1500 studieplassar i IKT-faga.. Dette heng ikkje på greip. Venstre kjem til å rydde rom for fleire norske OG utanlandske studentar på norske høgskular og universitet i vårt alternative statsbudsjett for 2023! Dagens Næringsliv

Ikkje svikt Nynorskhuset og Teater Vestland på oppløpssida!\n\nNynorskhuset i Førde er eitt av dei største og viktigaste løfta for nynorsken som språk i framtida. Her skal Teater Vestland (tidl. SFj Teater), NRK Sogn og Fjordane, avisa Firda og deira uvurderlege utdanningsmiljø for nynorsk journalistikk (NRK Nynorsk mediesenter og Nynorsk avissenter), flytte saman i 2023 - og dermed skape eit nasjonalt kraftsentrum for nynorsk språk og kultur.\n\nBygginga er for lengst i gang, alle kontrakter er signert og avtaler inngått – og så kjem heilt på oppløpssida den store overraskinga: Ap/Sp-regjeringa har rett og slett ikkje lagt inn pengar i statsbudsjettet for...

Framtidas helseteneste: Korleis kan vi skape eit «helsevennleg samfunn» som brukar meir på å forebygge og mindre på å reparere? Korleis handterer vi det stadig veksande gapet mellom kva som er mulig å gjere i helsevesenet og kva ressursar som er tilgjengelege?\n\nStor honnør til Norges forskningsråd og HelseOmsorg21-rådet som sist veke lagde ein flott møteplass og diskusjonsarena om den «store» helsepolitikken, og særs interessant å få vere med å diskutere framtidas nye helse-røyndom med Helseminister Ingvild Kjerkol, Ordføreren i Asker - Lene W. Conradi og Salangen-ordførar Sigrun Wiggen Prestbakmo – under kyndig leiing av Kreftforeningen-sjef Ingrid Stenstadvold Ross. \n\nHelsepolitikk blir...

Tid for ein modig IT-politikk! Vi treng ein ny og slagkraftig politikk for digitalisering av Noreg - og ein langtidsplan for digital infrastruktur som foreslått av IKT-Norge. Her er mitt svar på utfordring gitt i digi.no av Yngve Milde i Beck & Partners International HR Consulting, Jo Eikeland Roald i Abelia og Bruce Atle Karlsen i ABAX Ltd

Å endre verda frå eit loft i Førde!\n\nI dag besøkte eg saman med Sunnfjord Venstre ei fantastisk spennande bedrift i Førde: The Norwegian Ship Design Company\n\nGründer Gjermund Johannessen starta bedrifta i 2019. Knapt fire år seinare er dei 20 tilsette (nesten alle i Hafstadvegen i Førde), har kundar og nettverk nasjonalt og internasjonalt, og er blant dei fremste i verda på å designe og utvikle framtidas grøne, utsleppsfrie skip. For å nemne eit par døme:\n\n- Saman med Heidelberg sement, Felleskjøpet Agri og rederiet Egil Ulvan har dei utvikla verdas første hydrogendrivne bulkskip, som blir sett i bestilling om kort tid.\n\nSaman...

Laster...
Laster...