Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V
Innlegg:
Vi redda romfarten – i siste liten!\n\nEi litt lang gladhistorie frå kvardagslivet på Stortinget – og om godt samarbeid på tvers i Næringskomiteen (..og litt sunn politisk konkurranse..).\n\nKort oppsummert:\n\nStatsbudsjettet er eit uhorveleg stort dokument (eigentleg 20 store dokument), der «djevelen er i detaljane». Eit par veker etter at regjeringa la fram budsjettet, vart vi gjort merksame på ein slik godt skjult detalj i Næringsdepartementet sitt budsjett: Regjeringa foreslo å kutte kraftig ned – over 1 milliard kroner fram mot 2030 - på dei norske bidraga til det europeiske romfarts-samarbeidet, slik at vi i praksis måtte melde oss ut av alle dei programma vi ikkje er «tvungne» til å vere med på gjennom å vere medlem i European Space Agency (ESA – men ikkje det vanlege passe på EØS-ESA – dette er «romfarts-ESA»).\n\nEr det så farleg, då? Skal Noreg bruke pengar på å få folk til månen eller Mars? \n\nNei, det er ikkje det dette handlar om. Det handlar om heilt andre ting. Det handlar om å samarbeide om satellittdata som er viktige for å overvake miljøutslepp, klimaendringar, ekstremvêr, ulovleg fiske, maritim skipstransport og skogkriminalitet i tropisk regnskog. Ikkje minst er dette samarbeidet om å «passe på jorda og havet frå rommet» viktig etter at vi har fått ein farlegare og meir trugande nabo i aust: Samarbeid om romfart og satelittar i Europa er avgjerande for Noreg for å ivareta nasjonal tryggleik og overvaking av kritisk infrastruktur og dei stadig meir utsette nordområda våre.\n\nJa – og i tillegg er faktisk romfartsindustri i ferd med å bli stort i Noreg – over heile landet! På Raufoss (Nammo), Kongsberg, Horten, Tromsø og på Vestlandet boblar det fram med nye bedrifter og satsingar som er heilt avhengige av det europeiske romfartssamarbeidet. For kvar krone Noreg puttar inn i samarbeidet, får vi fire kroner att i aktivitet og arbeidsplassar for norsk næringsliv.\n\nOg ikkje å forgløyme: Noreg har Andøya. Andøya, med si heilt spesielle plassering «på kanten av Europa», er Europas einaste oppskytings-stad for små romsatelittar. Det er hit Europa vender nasen for å få ting opp i rommet – dersom vi ikkje er så kortsynte at vi melder oss ut av det europeiske rom-samarbeidet.\n\nSå det gjekk stadig meir opp for oss, etterkvart som stadig fleire i det norske "romfartsmiljøet" kontakta oss, at dette var alvor. Og endå verre: Det hasta med å få gjort noko med det. Allereie 22. november – lenge før Stortinget har vedtatt det endelege statsbudsjettet - skal Noreg på eit ministermøte i ESA melde inn våre ambisjonar om kor mykje av det europeiske romfartssamarbeidet vi skal vere med på fram mot 2030. Dersom ikkje Stortinget seier noko anna før 22. november, vil den innmeldinga vere at Noreg skal ut av nesten alt vi ikkje må vere med på.\n\nAltså berre tida og vegen – litt for lite tid og litt for lang veg. Men vi måtte prøve. Det starta med at Stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle i Høgre, Stortingsrepresentant Sivert Bjørnstad i Frp og eg hadde eit rådslag for eit par veker sidan. Både Lene og Sivert er veteranar på Stortinget med lenger fartstid og meir erfaring enn meg, og «ekte engasjert» i saka. Vi fekk med oss Rasmus Hansson i MDG, og saman sette vi saka formelt på dagsorden i Stortinget ved å levere eit felles såkalla representantforslag (Dok8) sist onsdag om at Noreg må halde opp bidraga til europeisk romfartssamarbeid på dagens nivå fram til 2030. Og vi ba om hastebehandling av saka, på grunn av det nært føreståande ministermøtet.\n\nDet som då var utruleg bra, var at både regjeringspartia Ap/Sp og SV sine folk i Næringskomiteen, ikkje minst komiteleiar Willfred Nordlund (Sp) og nestleiar Torgeir Knag Fylkesnes (SV), var enige med oss i at vi måtte prøve å finne ei løysing. Alle partia støtta oss i kravet om hastebehandling, slik at det vart vedtatt i komiteen fredag sist veke. \n\nOg i løpet av nokre intense døgn med prosessar eg her ikkje skal gå i detalj på, fann saka i dag si løysing - berre seks dagar etter at vi fremja forslag i Stortinget. Ein nær samla Næringskomite er no enige – Venstre, Høgre, Frp, MDG, Ap, Sp og SV – om at Noreg skal vere med vidare i det europeiske romfartssamarbeidet – at Regjeringa får «beskjed» om å fortelle resten av Europa det når romfartsministrane møtes 22. november – og at vi dermed kan halde fram å bygge ein sterkare norsk romfartsindustri med nye spennande bedrifter i aust og vest, og ikkje minst i nord.\n\nDette er ikkje noko sak som vil nå framsida av VG eller toppsak i Dagsrevyen. Det norske romfartsmiljøet driv med relativt «nerdete teknologi» og er eit fagmiljø som ikkje er vande med å stikke seg fram til dagleg. \n\nMen at vi løyste saka i ekspressfart, er likevel utruleg viktig for både nasjonal tryggleik, framtidig verdiskaping og Noreg sin strategiske posisjon i Europa – og vi løyste ho fordi parti både i posisjon og opposisjon «såg teikninga» og hadde felles interesse av å kome i mål raskare enn politiske prosessar vanlegvis går.\n\nSå ein god dag for oss som har jobba med dette «i det stille» dei siste vekene. No gler eg meg skikkeleg til å følgje det norske romfartseventyret vidare!
Postet:
2022-11-15 22:40:16
Delt innhold: