Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre

Parti: V

Innlegg:
Framtidas helseteneste: Korleis kan vi skape eit «helsevennleg samfunn» som brukar meir på å forebygge og mindre på å reparere? Korleis handterer vi det stadig veksande gapet mellom kva som er mulig å gjere i helsevesenet og kva ressursar som er tilgjengelege?\n\nStor honnør til Norges forskningsråd og HelseOmsorg21-rådet som sist veke lagde ein flott møteplass og diskusjonsarena om den «store» helsepolitikken, og særs interessant å få vere med å diskutere framtidas nye helse-røyndom med Helseminister Ingvild Kjerkol, Ordføreren i Asker - Lene W. Conradi og Salangen-ordførar Sigrun Wiggen Prestbakmo – under kyndig leiing av Kreftforeningen-sjef Ingrid Stenstadvold Ross. \n\nHelsepolitikk blir eit spennande område å arbeide vidare med på Stortinget. Ikkje minst ligg det enorme uutnytta moglegheiter i å utvikle helsenæringane i Noreg til å bli betydeleg større enn i dag. I alle andre nordiske land er helsenæringane blant dei tre største eksportnæringane. Det kan vi få til i Noreg også dersom vi satsar systematisk og langsiktig – dei gode kunnskapsmiljøa har vi allereie!

Postet:
2022-11-07 22:03:42

Delt innhold: