Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
ME er ein sjukdom som påfører dei som vert råka og familiane deira store lidingar - og er ein sjukdom samfunnet har forsømt å møte på ein god nok måte. Historiene om ME-ramma som har blitt svikta og mistenkeleggjort av det offentlege Noreg er mange og vonde. \n\nDenne veka var ME tema på Stortinget. Venstre var saman med Ap, SV, Sp, Raudt, MDG og Krf ein del av fleirtalet som no har slått krystallklart fast at ME-sjuke ikkje lenger skal bli diskriminert i trygdesystemet, og ikkje pålagt behandling som anten ikkje finst, eller i verste fall gjer sjukdomen endå verre. \n\nEin stor takk til Raudt sine stortingsrepresentantar Seher Aydar og Emma Watne som sette saka på dagsorden - og til min hardt-arbeidande benke-kollega frå SFj, Torbjørn Vereide (Ap), som har stått på i Arbeids- og sosialkomiteen for å sikre fleirtal for tydelege vedtak. \n\nHer er mitt innlegg på vegne av Venstre i debatten:\n---\nPresident,\nME er ein sjukdom som må takast langt meir på alvor enn han har vore til no. Det skuldar vi både dei som har sjukdomen, pårørande og samfunnet elles. ME råkar barn, unge og vaksne – nokre så hardt at dei blir sengeliggjande i årevis. Andre, særleg unge, kan bli friske etter ei tids sjukdom viss sjukdomen blir møtt på riktig måte.\n\nDen mest omfattande kunnskapsrapporten som er laga om ME, finn vi i USA. Her blir det synleggjort at ME er ein alvorleg fysisk sjukdom, og vi får stadig meir kunnskap om kva som verkar, og kva som ikkje verkar. \n\nVi skal ikkje gå nærare inn i den medisinske debatten her. Det er ikkje rolla til politikarane å finne dei medisinske løysingane, men det vi som politikarar kan og bør gjere, er etter Venstres syn i alle fall følgjande:\n1: Å legge til rette for at ME-råka blir møtte med respekt og fagleg innsats frå første stund der det er mistanke om ME, og gjennom heile sjukdomsforløpet. Det gjeld både i helsevesenet, i skulesystemet og i Nav-systemet. \n2: Å få på plass eit behandlingssystem der det er plass til dei aller sjukaste utan unødvendig ventetid. Det krev både ressursar, fysiske behandlingsplassar og kompetanse. \n3: Å styrke innsatsen for forsking på ME-feltet og legge til rette for utveksling av erfaring og resultat innanfor internasjonal forsking.\n\nDei som blir råka av ME, er ofte så alvorleg råka at all energi går med til å handtere sjukdomen. Dei må sleppe å ta kampen for å bli høyrde og forstått åleine. Det veit alle dei som har vore nær pasientar med ME – fleire i salen her, meg sjølv inkludert. No må samfunnet stille opp for dei ME-råka.\n\nDifor er Venstre glad for representantforslaget som er fremja. Vi vil rose forslagsstillarane. Venstre sit ikkje i arbeids- og sosialkomiteen, og difor er vi ikkje ein del av denne innstillinga, men eg kan varsle her og no at Venstre vil støtte innstillinga, støtte fleirtalet og stille seg bak dei heilt rettmessige vedtaka som her blir gjorde om gjennomgå regelverk og praksis for å sikre likebehandling ved søknad om uføretrygd og at ein ikkje blir underlagt krav om behandling som er utilgjengeleg eller får avslag i det offentlege helsevesenet.\n\nVi vil også støtte tilleggsframlegget frå Framstegspartiet om å få fart på revideringa av den nasjonale rettleiaren. Det synest vi er eit godt framlegg. Vi vil også støtte framlegg 1 frå Høgre. Vi kjem til å stemme imot framlegg nr. 2 frå Høgre, rett og slett fordi det er eit tolkbart forslag, det kan tolkast slik at ein avgrensar forskingsinnsatsen til dagens nivå. Det ønskjer ikkje vi å gjere. Det er gode argument for å styrke forskingsinnsatsen i åra framover.\n\nTil slutt: Takk til forslagsstillarane. Takk til arbeids- og sosialkomiteen for eit godt arbeid. Venstre støttar innstillinga i to punkt som ligg føre her i dag, og vi håper regjeringa set eit høgt tempo i arbeidet.

Postet:
2022-11-26 14:02:51