Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V
Innlegg:
Ikkje svikt Nynorskhuset og Teater Vestland på oppløpssida!\n\nNynorskhuset i Førde er eitt av dei største og viktigaste løfta for nynorsken som språk i framtida. Her skal Teater Vestland (tidl. SFj Teater), NRK Sogn og Fjordane, avisa Firda og deira uvurderlege utdanningsmiljø for nynorsk journalistikk (NRK Nynorsk mediesenter og Nynorsk avissenter), flytte saman i 2023 - og dermed skape eit nasjonalt kraftsentrum for nynorsk språk og kultur.\n\nBygginga er for lengst i gang, alle kontrakter er signert og avtaler inngått – og så kjem heilt på oppløpssida den store overraskinga: Ap/Sp-regjeringa har rett og slett ikkje lagt inn pengar i statsbudsjettet for 2023 for å gjere det mulig for Teater Vestland som største leigetakar å flytte inn, utan omtrent å nullstille all aktivitet.\n\nDette MÅ rettast opp i budsjetthandsaminga på Stortinget. Dette handlar om langsiktigheit, respekt for inngåtte avtaler og framtida for nynorsk språk og kultur. Venstre er krystallklare: Vi vil i vårt alternative statsbudsjett følgje opp dei initiativa våre kulturministrar Trine Skei Grande og Abid Raja har tatt for å løfte Nynorskhuset. Dette prosjektet MÅ no kome i mål. Eg håpar alle gode krefter blir med i tida framover for å pushe på i budsjettforhandlingane – ikkje minst Ap/Sp-politikarar i Sogn og Fjordane som i alle år før har klaga over kor gale det går når ikkje dei styrer landet – og no ser sine eigne i Oslo svikte heilt på oppløpssida. Denne kampen må nynorsken vinne!
Postet:
2022-11-08 09:48:08
Delt innhold: