Innlegg:
Flytande offshore vind: No startar eit nytt, grønt industri-eventyr til havs! Då må vi få HEILE distrikts-næringslivet med.\n\nDenne veka starta straumproduksjonen i det som blir verdas største flytande vindpark, Hywind Tampen i Nordsjøeni regi av Equinor. Det er starten på ei svær, ny maritim nærings-satsing – der Noreg med våre framifrå maritime og offshore kompetansemiljø har alle føresetnader for å bli verdsleiande. \n\nEin ting som då blir viktig, er å klare å «koble på» små og store bedrifter og kompetansemiljø over heile Noreg. Det kjem ikkje av seg sjølv – det må vi arbeide systematisk med.\n\nDifor var det veldig kjekt å få vere med i Molde i går då dei to leiande næringsklyngene i Møre og Romsdal, IKuben og GCE Blue Maritime Cluster, inviterte til temadag om offshore vind for lokale bedrifter i Møre og Romsdal. Bedrifter som allereie er inne i bransjen, stilte opp og fortalde om sine erfaringar og ga gode råd – og ein starta jobben med å bygge nettverk og alliansar som saman kan finne sin plass i leverandørkjedene i det store, nye og grøne industrieventyret som no startar.\n\nStrålande initiativ og perfekt timing frå Maria Krabbe Ranvik i iKuben og heile industri-miljøet i Møre og Romsdal – no er det vår jobb nasjonalt å legge til rette for at dei og andre bedrifter landet rundt får vere med på det nye grøne industrieventyret til havs!
Postet:
2022-11-18 08:46:44