Innlegg:
Florø: Kystby som girar om til ei elektrisk framtid!\n\nFør helga rakk eg eit besøk til Florø, der det gjekk unna i turbo-fart i 22 strake timar med ein entusiastisk gruppeleiar i Kinn Venstre, Jacob Nødseth, som guide saman med andre driftige folk i partilaget vårt.\n\nOg Venstre-folka i Florø (som det har blitt 5 fleire av berre siste veka) har all grunn til å vere entusiastiske. For i Florø skjer det om dagen! Fredag var det høgtideleg opning av byens nye, flotte kollektivterminal nede på Fugleskjærskaia, der buss- og båtruter møtes, med snorklipping, trompetfanfare, taler og marsinpankake som seg hør og bør.\n\nOg det er berre starten. Om eit knapt år kjem flunkande nye utsleppsfrie batteribåtar på plass i nærtrafikken til øyene i Flora-skjergarden – før det eit par år etter også kjem utsleppsfrie, lynraske nye båtar på plass i ekspressrutene til Bergen og Måløy/Selje. Kanskje også snart til Ålesund om ikkje SV stoppar satsinga på moderne sjøtransport i neste års statsbudsjett (for dei er visst miljø noko ein berre skal drive med i storbyen, ikkje kaste vekk pengar på langs kysten. Slik tenkjer ikkje vi i Venstre, og eg håpar Ap og Sp ikkje lar dei få viljen sin heller).\n\nEtter opninga fekk eg og Fylkesvaraordførar i Vestland fylkeskommune, Natalia Golis, eit møte med Florø hamn KFs drifige sjef Linda Midtbø, der vi mellom anna diskuterte korleis vi kan få statleg, regional og lokal politikk til å «henge saman» for å bygge opp grøne, moderne hamner som legg til rette for meir sjøtransport. Det er eit tema som MÅ høgare på dagsorden nasjonalt. Det er utruleg å sjå korleis sjøtransport enno berre blir «flåsa vekk» i nasjonale media og blant Oslo-eliten (tenk å skulle bruke «ufattelege» 3,5 mrd NOK på Stad Skipstunnel når ein kunne ha brukt dei same pengane til å auke jernbanesatsinga frå 400 til 403,5 milliardar eller å bygge endå eit parkeringshus under Stortinget til ca same pris) – samtidig som det er på sjøen det største potensialet ligg til både å flytte transport, unngå unødvendig bygging av svindyr veg og jernbane gjennom sårbare naturområde og kutte utslepp frå transportsektoren globalt. "Good grief", som Charlie Brown ville ha sagt om han hadde lest f eks ein pompøs kommentar-artikkel av Hanne Skartveit i VG. \n\nVi fekk også høyre om dei banebrytande planane til Vidar Grønnevik i Northern Xplorer, som snart startar bygginga av verdas første utsleppsfrie cruiseskip med drift frå batteri, hydrogen, sol og vind – utan tvil riktig retning inn i framtida. Lukkast dei med sine planar – som eg er trygg på at rutinerte og botnsolide Vidar vil gjere – vil det endre cruisebransjen raskare enn nokon ser for seg.\n\nOg grøn nysatsing var stikkordet overalt kor vi ferdast i Florø. Vi rakk ein tur innom Evoy, som er i ferd med å bli «sjøens Tesla»: Dei er komne lengst i verda på elektriske framtidssystem for fritidsbåtar, og bedrifta er no i ferd med å ta av i eit enormt tempo. Over 40 tilsette på plass i Florø, og vekst-takta berre aukar. Evoy-sjef Leif Stavøstrand si utfordring til oss var klinkande klar: Lag like gode rammevilkår for elbåt i Noreg som for elbil: Då vil Noreg bli staden der framtidas teknologiutvikling på sjøen skjer!\n\nOg for verkeleg å understreke korleis næringslivsmiljøet i Florø heng saman: Før på dagen besøkte vi arbeids- og inkluderingsbedrifta Origod AS, som jobbar med å hjelpe folk som står utanfor det ordinære arbeidslivet. Og kva dreiv dei på med i sin produksjonshall? Jo, å lage spesial-delar i metall til Evoy sine utsleppsfrie motorar! Fantastisk å sjå korleis Origod på brei front er synlege og aktive i lokalmiljøet i Florø – og bygger ned barrierer mellom dei som er innanfor og utanfor det ordinære arbeidslivet.\n\nVi rakk også ein tur innom lakseeksportør-selskapet Norwell, som er eigd av lokale, familieeigde fiskeoppdrettarar – og også er hovudaksjonær i lakseslakteriet i Florø som no skal bygge ut for over 1 milliard kroner: Slakteriet. \n\nGjengen i Norwell var heilt tydelege overfor oss: Regjeringa sitt forslag til ny skattepakke for havbruk er ei rein katastrofe for dei familieeigde, små oppdrettselskapa langs kysten: Går dette gjennom, vil det over tid bli slutten på strukturen i norsk oppdrettsnæring slik den er i dag. Berre dei børsnoterte gigantane vil bli tilbake, og den samla verdiskapinga knytt til havbruk i småsamfunn langs kysten vil bli kraftig redusert.\n\nEin intens, men enormt givande dag i Florø! Ja, og ikkje å forgløyme: Kvelden før var det medlemsmøte i Kinn Venstre med godt oppmøte – og tur på ”Strikk&Drikk” på Vesle Kinn, der det var både godt lokalt øl og høve til å teste strikkepinnane.\n\nEg reiser ALLTID i godt humør frå Florø. Ikkje fordi det er godt å kome seg vekk, men fordi det er så masse bra folk der, så mykje humør, framtidstru og offensivitet – og folk som snakkar «rett frå levra» om kva som må til frå oss som styrer på inne i Oslo. Takk til Jacob, Hilmar og resten av gjengen i Kinn Venstre for besøket – kjem gjerne snart igjen!
Postet:
2022-11-13 20:46:49