Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Perfekt å avslutte ei god veke for norsk romfart med å besøke Andøya Space – Norges soleklare «romfarts-hovudstad»! Her vart Norges første rakett skoten opp heilt tilbake i 1962 (Ferdinand) – no er det over 150 tilsette i Andøya Space og framtida for space-miljøet på Andøya og norsk romfartindustri ser lysare ut enn nokonsinne.\n\nNår eg og Andøy Venstre besøkte Andøya Space i dag, dreiv NASA og University of Iowa med dei siste førebuingane til å skyte opp to forskingsrakettar for å få ny kunnskap om nordlyset. Litt lenger sør på øya bygger lokale entrepenørar om dagen Noregs første «romhamn» – Andøya Spaceport - som blir den første oppskytingsbasen for satelittar i Europa (fram til no har europeiske satelittar blitt skotne opp frå Fransk Guyana i Sør-Amerika). \n\nHer skal tyske Isar Aerospace skyte opp små satelittar i bane rundt jorda. Det norske datterselskapet Isar Aerospace Norway er allereie under oppbygging på Andøya, og startar oppskytingar når romhamna står klar neste år.\n\nOver heile Noreg veks det no fram ny romfartsrelatert industri i raskt tempo, med store bedrifter som Kongsberg Gruppen og Nammo på Raufoss som «motorar», og mange andre nye bedrifter på gang.\n\nMen det er og blir Andøy som er hjartet i norsk romfart – og det var fantastisk kjekt å merke optimismen og gleda, høyre om planane for framtida og sjå med sjølvsyn kva dette handlar om. På Andøya blir uttrykket «The sky is the limit» gjort til skamme. Her er mulegheitene uendelege - og peikar rett til værs!

Postet:
2022-11-18 22:04:41

Delt innhold:
Photos from Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre's post