Innlegg:
Å endre verda frå eit loft i Førde!\n\nI dag besøkte eg saman med Sunnfjord Venstre ei fantastisk spennande bedrift i Førde: The Norwegian Ship Design Company\n\nGründer Gjermund Johannessen starta bedrifta i 2019. Knapt fire år seinare er dei 20 tilsette (nesten alle i Hafstadvegen i Førde), har kundar og nettverk nasjonalt og internasjonalt, og er blant dei fremste i verda på å designe og utvikle framtidas grøne, utsleppsfrie skip. For å nemne eit par døme:\n\n- Saman med Heidelberg sement, Felleskjøpet Agri og rederiet Egil Ulvan har dei utvikla verdas første hydrogendrivne bulkskip, som blir sett i bestilling om kort tid.\n\nSaman med Torghatten Nord utviklar dei hydrogendrivne ferjer som skal setjast i trafikk over Vestfjorden mellom Bodø og Lofoten i 2025 – på eit samband som er for langt til å vere eigna for batteriferjer, men no likevel kan nå målet om nullutslepp.\n\nGjermund var krystallklar i sine tilbakemeldingar til oss: No er vi forbi «the point of no return» når det gjeld nullutslepp på skip. No treng vi ikkje bruke all tid og energi på å forske og prøve ut: No HAR vi teknologien – både batteri- og hydrogen-koden er knekt. \n\nAlt som no manglar er skikkeleg politisk trøkk og vilje til å rulle ut nullutslepps-fartøy i stor skala i alle fartøystypar.\n\nMøtet med Gjermund i dag var både inspirerande og ekstremt nyttig i mitt politiske arbeid. Og så er det fantastisk å sjå korleis avanserte teknologimiljø i verdsklasse no kan vekse fram overalt – også på eit loft i Førde (alle som kjenner gamle fogderistridar i SFj veit kva kystfolk tradisjonelt har meint om innlands-tettstaden Førde..).
Postet:
2022-11-03 22:00:38