Beta
Søket ga 333 treff.

Gratulerer med Kvinnedagen!\n\nVi lever ikkje i eit likestilt samfunn, og definitivt ikkje i ei likestilt verd. Kampen for kvinners rettar og likeverd må takast på alle nivå. Frå FN og internasjonal storpolitikk heilt ned til kvart einskild lokalsamfunn.\n\nEg er glad for å sjå at Kvinnedagen 2022 blir feira over heile landet med små og store arrangement og markeringar. Alle kan ikkje løftast fram her, men la meg nytte høvet til å trekke fram eitt verkeleg flott førebilete for korleis kvinnedagen kan markerast lokalt: Avisa Fjordenes Tidende i Måløy/Nordfjord, som i dag rett og slett gir ut ei spesialutgåve av avisa...

Vi er inne i ei uverkeleg tid – med brutal angrepskrig i eit fredeleg europeisk land som vil ta endå fleire liv i dagane framover, og drive millionar av menneske på flukt. Dei menneska på flukt skal også vi i Noreg ta godt imot, og vi skal hjelpe det tapre ukrainske folket på alle måtar vi kan til å kjempe for sitt eige land. \n\nOg når alt dette er over – så håpar og trur eg vi står att med eit meir samla Europa og ei samla verd – og litt mindre «navlebeskuande» debattar i Noreg om å låse oss...

Ingen oligarkar i norske fjordar: Venstre tar initiativ til å stenge norske hamner for russiske skip, slik Storbritannia allereie har gjort - og EU vurderer. Les meir på NRK sine nettsider.

Ein sterk og historisk augneblink å vere med på: Stortinget reiser seg i ståande applaus for Ukrainas ambassadør, i respekt og sorg over folket hans sine lidingar. \n\n

Putin prøver enno å øydelegge Ukraina, men har i løpet av 7 dagar klart å samle Europa, eit politisk splitta USA - og no også verda. Ukraina og Georgia vil inn i EU, Sverige og Finland vil truleg inn i NATO, og no eit historisk vedtak i FNs generalforsamling om å fordømme Putins krig. Berre Nord-Korea, Syria og Eritrea står no på Russland og Kvite-Russland si side i krigshandlingane i Ukraina. \nhttps://www.vg.no/nyheter/utenriks/i/pW5G7o/historisk-fn-avstemning-fordoemmer-russlands-invasjon-av-ukraina?fbclid=IwAR0-mCF69h-lCi_CkfCdpSyhquAqwJu020IHG5uVtxB0Fis98mI4BNmVbuo

Status måndag kveld 28/2-22:\n1. Grønt lys for militær bistand til Ukraina - også våpen (panservernvåpen).\n2. Norsk luftrom stengt for russiske fly (omsider - som det siste av Russland sine naboland i vest)\n3. SPU (Statens Pensjosfond Utland) har stoppa alle nye investeringar i Russland, og skal trekke ut det som er investert.\n4. Equinor stoppar sin aktivitet i Russland og samarbeidet med Rosnet.\n\nPolitikk er det muliges kunst - og det som tilsynelatande var umulig for ei veke sidan, er no offisiell norsk og europeisk politikk. Europa mobiliserer - og Noreg er omsider med på laget. Bra - og viktig for å redde...

Bildene fra Ukraina er hjerteskjærende. Fra vest i landet får vi bilder av biler med familier, de står milevis i kø ved grensen for å komme seg i trygghet. Samtidig, et annet sted i landet, er det en annen kø som strekker seg flere kilometer: russiske kjøretøy på vei mot Kyiv.\n \nNår vi ser dette, tror jeg alle kjenner et sterkt behov for å handle. Et ønske om at vi i fellesskap skal gjøre det som trengs for å håndtere krisen. Vi ønsker å gjøre noe selv. For vi vet at ukrainerne trenger støtte i kampen for sin frihet.\n \nDet gir håp å se nordmenn demonstrere foran den russiske ambassaden og foran Stortinget. Det sterke folkelige engasjementet på sosiale medier betyr noe. Både støtteerklæringer til Ukraina og politiske meningsytringer bidrar til å legge press på politikere. Det er slik et demokrati fungerer i en krise. Nå ser vi også at det gir resultater.\n \nJeg får også håp når jeg ser at hvor mange som bidrar gjennom å donere egne penger. Den menneskelige krisen er allerede stor. En langvarig bakkekrig i byene kan føre til en enda større krise, med et enormt behov for nødhjelp.\n \nSom mange andre har Venstre og jeg gitt penger denne uken. Vi har valgt å støtte Røde Kors, som er til stede i landet med sin lokale organisasjon. Vi støtter også Flyktninghjelpen, som lenge har vært i Ukraina. De trenger vår hjelp så de kan hjelpe ukrainske flyktninger. Hvis du har innspill om andre organisasjoner som bør få støtte, håper jeg du deler det i kommentarfeltet! \n \nI går annonserte regjeringen at de setter av inntil to milliarder kroner i humanitær støtte til Ukraina. Det støtter jeg fullt ut.\n \nRøde Kors\nhttps://www.rodekors.no/stott-arbeidet/gi-en-gave/nodhjelp-til-ukraina/\n \nFlyktninghjelpen\nhttps://www.flyktninghjelpen.no/nyheter/2022/februar/slik-kan-du-hjelpe/\n \nRedd Barna\nhttps://www.reddbarna.no/du-kan-bidra/nodhjelp/ukraina/\n \nDet er et politisk ansvar å håndtere situasjonen. Norske myndigheter kan gjøre mer. Jeg vil fortsette å jobbe for at Norge skal lede an i den internasjonale støtten til Ukraina.\n \nÅ være en del av en bred koalisjon av EU- og Nato-land betyr ikke at vi bare skal vente på pressemeldinger fra Brussel. Det må innebære at vi bruker vår stemme og våre økonomiske muskler til å oppnå resultater. Norge må være en pådriver for sterke sanksjoner, rask og kraftfull økonomiske støtte og militær støtte til ukrainerne, slik at de selv kan forsvare sin egen frihet.\n \nVi står nå midt inne i en av disse ekstreme situasjonene der vi etterpå vil spørre oss selv «Gjorde jeg nok?». Det vil kanskje aldri være nok. Men Norge må som fellesskap i ettertid kunne si at vi gjorde så godt vi kunne.\n \nI en så stor krise er det lett å føle seg utilstrekkelig. Det gjør jeg, både som privatperson og politiker. Alene kan ingen av oss gjøre nok. Men sammen kan vi oppnå mye.

Midt oppe i dramatiske dagar for Ukraina og Europa, arbeider Venstre også med andre saker som handlar om å gjere Noreg betre rusta for framtida. \n\nI morgon (1. mars) arrangerer Venstre saman med IKT-Norge høyring på Stortinget om innføring av gründer-visum og andre tiltak for å gjere Noreg meir attraktivt for grunderar, investorar og arbeidstakarar frå land utanfor EØS. Her kan du lese Kyle Havlicek-McClenahan si vanvittige historie om å prøve å skape seg ei framtid i Noreg - og møte veggen. Venstre tar kampen for han og andre i hans situasjon!

Dette opne brevet til det norske folk frå litauisk-norske Viktorija Kostøl Amdam, busett i Stad kommune, er verdt å bruke nokre minutt på å lese. Ho set på ein sjeldant god måte Russlands brutale krig i Ukraina inn i ein større samanheng - og syner at Litauen, Ukraina og andre tidlegare sovjet-republikkar ikkje er "passive brikker" i eit stormaktspel. Nei, dei er sjølvstendige land og folk som aktivt har valt å søke mot Europa, EU og NATO fordi dei ønskjer fred, fridom og folkestyre framfor å bli del av Putins krigshissande, menneskefiendtlege diktatur. Difor er Ukrainas kamp også Litauens kamp...

Russland sin invasjon av Ukraina er eit vegskilje for Europa. Venstre meiner Noreg kan og må gjere meir. No må vi bidra der vi kan. Og det er viktigare enn nokon gong at vi står saman på tvers av grenser, samarbeider endå tettare i NATO og Europa. \nLes meir i dette innlegget frå Venstre-leiar Guri Melby og meg om den lagnadstida vi no er inne i. \n\n

Russiske oligarkar og andre i Putins hoff må få klar beskjed om å halde seg vekk frå norske fjordar. Men ikkje la oss starte private boikottaksjonar mot alle russarar etter innfallsmetoden. Då er vi på ville vegar

Dei einaste språka despoten Putin forstår, er pengar og makt. Noreg har nesten 30 milliardar NOK av våre pensjonspengar plassert i den russiske aksjemarknaden. Dei pengane må ut.

Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre sitt framsidebilete

Ein mørk dag for Europa. Ukraina og folket der må no få all tilgjengeleg hjelp og støtte. Putin sin angrepskrig og ravande galne ord-gyteri mot eit fredeleg naboland må møtast med beinharde sanksjonar og andre straffetiltak frå Noreg og resten av verda. \n\nFor uansett korleis du snur og vender på det, er Putin si historieforteljing om det «stor-russiske riket» falsk og farleg. Ukraina si historie er deira eiga. Ho er kompleks og mangefasettert, og sjølv vi her i Noreg er ein del av ho.\n\nI jula las eg den djupt fascinerande boka «Elvekonger» av av norsk-britiske arkeologen Cat Jarman, som reiser...

Det må bli enklare for folk å bestemme over sin eigen kvardag! \n\nDagens regelverk for å arbeide på heimekontor og "fjernarbeide" er håplaust utdatert, og ikkje tilpassa eit moderne arbeidsliv - slik mellom anna denne saka på NRK i dag syner, https://www.nrk.no/norge/hjemmekontor-i-utlandet_-advarer-om-nav-byrakratiet-1.15855108 \n\nEg har i dag levert inn følgande spørsmål til Arbeidsminister Hadia Tajik: "Vil regjeringa ta initiativ til å gjere reglane for å fjernarbeide frå heimekontor enklare og meir forståelege, slik at det blir lettare for folk å nytte dei høva ny teknologi og nye arbeidsformer gir til å ha ein friare og meir fleksibel kvardag?" \n\nSjå meir her...

Stadig betre dyrevelferd - med gradvis skjerpa krav, nye driftsmåtar og kontinuerleg fagleg utvikling er framtida. Alle tener på glade grisar – ikkje minst norsk landbruk.\n\nHer kan du lese min kronikk i Nationen i dag om dyrevelferd

I natt har russiske væpna styrker rykka inn i Ukraina, etter ein tale frå Putin som er ei av dei mørkaste vi har høyrt frå ein politisk leiar i Europa sidan 1945. \n\nPutins ravgalne tale syner total mangel frå dagens russiske eineherskar på respekt for andre land og folk. I denne omgang er det Ukraina som er offeret. Neste gong kan det vere andre. \n\nSItuasjonen er særs alvorleg. NATO og Vesten må stå samla og gje full støtte til Ukraina. Russland sine overgrep mot eit fredeleg naboland må møtast med fordømming og raske, sterke sanksjonar. Noreg må stille opp med...

Kanskje litt tungt lesestoff ein fredagskveld, men uansett: Her er mitt innlegg som opna interpellasjons-debatten i Stortinget i går om betydinga av å rulle ut fleksibel, desentralisert høgare utdanning over heile landet - til dømes etter modell av Inviro - Nordfjord Virtuelle Campus. \n\nDebatten vart særs god, med ein offensiv Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe i godt slag, og mange gjennomarbeidde, kloke innlegg frå representantar frå andre parti. \n\n..og så vart det i dei påfølgande replikkrundane plass til litt Nordfjord-reklame også, som biletet syner.. Nordfjordakademiet \n\n----\nPresident, \n\nRegjeringa Solberg fekk i 2020 overlevert to rapportar som teiknar opp framtidas...

Livet er kort, ein stortingsperiode er endå kortare og covid er sikkert rett rundt hjørnet, så her gjeld det å dure på. Nokre kjappe smakebitar frå dei siste dagane:\n\n- Interpellasjonsdebatt i Stortinget om desentralisert høgare utdanning (min fyrste interpellasjon som ny stortingsrepresentant) – ein innertiar! Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe var offensiv, tydeleg og konkret i sine ambisjonar (her skal regjeringa få skryt!), og representantar frå mange parti kasta seg inn i debatten med gode innlegg og innspel. Og ja: Ekstra stas å få løfte fram i landets nasjonalforsamling alt det spennande som no skjer «på heimebane» i...

Nytt håp for "EØS-legane"!\n\nHelsedepartementet har gått frå å smelle døra hardt igjen til å setje døra på gløtt for dei danske legane vi er så avhengige av i Distrikts-Noreg - og som på heilt meiningslaust vis pr i dag må ta opp plass for norske legestudentar i LIS-spesialisering. Det hadde ikkje skjedd utan det sterke engasjementet vi har sett dei siste vekene, og at både Venstre, Frp og KrF har løfta saka frå Stortinget. Vi er ikkje i mål enno, men no er det håp! \n\n

Laster...
Laster...