Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Livet er kort, ein stortingsperiode er endå kortare og covid er sikkert rett rundt hjørnet, så her gjeld det å dure på. Nokre kjappe smakebitar frå dei siste dagane:\n\n- Interpellasjonsdebatt i Stortinget om desentralisert høgare utdanning (min fyrste interpellasjon som ny stortingsrepresentant) – ein innertiar! Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe var offensiv, tydeleg og konkret i sine ambisjonar (her skal regjeringa få skryt!), og representantar frå mange parti kasta seg inn i debatten med gode innlegg og innspel. Og ja: Ekstra stas å få løfte fram i landets nasjonalforsamling alt det spennande som no skjer «på heimebane» i Nordfjord med nye modellar for og sterkare samarbeid om desentralisert høgare utdanning, nærings- og kompetanseutvikling, med Inviro - Nordfjord Virtuelle Campus - Nordfjordakademiet med meir.\n\n- Breibands-møte i regi av NHO, KS, Abelia og Nelfo, der eg var i debattpanel med Kommunalminister Gram, og vi fekk presentert nye tal på dei enorme samfunnsgevinstane av å rulle ut raskare full breibandsdekning i Noreg (75 mrd NOK i auka samfunnsnytte av å framskunde full breibandsdekning til 2025). Det har vi deretter jobba på spreng med å følgje opp, slik at eg i dag på vegne av Venstre la fram representantforslag i Stortinget om ein samla plan for full breibandsdekning i Noreg innan 2025 (95% av husstandane med 1 Gbit/s og resten med 100 Mbit/s), og å ta ut effektiviserings- og samfunnsgevinstane av dette raskast råd. \n\n- Innlegg i rolla som «gamle-ordførar i Eid/Stad» på «Boliger for fremtiden»-konferansen i Oslo, saman med prosjektleiar Torfinn Myklebust i Stad kommune. Der presenterte vi for heile «kommune-Noreg» eit prosjekt vi begge er svært stolte av: Dei nye omsorgsbustadene på Myroldhaug på Nordfjordeid, bygd i massivtre med passivhus-standard og med svært høge bustad-kvalitetar for tilsette og brukarar med svært store behov for kommunale tenester i kvardagen. Torfinn gjorde ein ypperleg jobb, og vi fekk synt at også ei liten kommune i distrikts-Noreg kan syne veg nasjonalt i å gjennomføre bygg-prosjekt som bryt ny grunn på kvalitet og klima.\n\n- Dagsbesøk i Bergen med Media City - eit imponerande og inspirerande innblikk i korleis TV2, NRK, Bergens Tidende, Universitetet i Bergen og mange andre aktørar no samarbeider om å lage Noregs fremste medieteknologi-klynge – med mange nye bedrifter som no rullar ut høgteknologiske medie-produkt frå Bergen og Noreg i voldsomt tempo.\n\n- Regionmøte for Vestlandet i Energi Norge (digitalt) – nyttig innsikt og gode diskusjonar med kraftbransjen og politikar-kollegaer om korleis vi handterer energipolitikken vidare – og klarer å halde blikket på dei langsiktige måla om kutt i klimautslepp, bygging av ny grøn industri på Vestlandet og vidare elektrifisering av samfunnet midt i ein situasjon med uakseptabelt høge straumprisar for folk og bedrifter i Sør-Noreg.\n\n- Ja, og så den spennande voteringa om Venstre sine dyrevelferd-forslag i Stortinget på tysdag, som det har vore voldsom merksemd om etterpå. Mellom anna seinast i dag, kor vi fekk uventa støtte frå Sp sin fylkestopp i Møre og Romsdal, Kristin Sørheim som sa rett frå levra noko som har undra meg lenge: - Senterpartiet har aldri vore gode på dyrevelferd – at det er synd både for dyra, bøndene og forbrukarane – og at Sp sjølvsagt burde ha støtta Venstre sine trass alt meget moderate og forsiktige dyrevelferdsframlegg om gris og kyllingproduksjon i Stortinget fredag. Håpar dette opnar ein heilt nødvendig debatt i Sp om at ein ikkje kan drive å "gå i lås" og seie nei til alt på rein refleks når temaet dyrevelferd kjem opp. Uansett såfekk vi fleirtal for betre dyrevelferd i Stortinget denne veka med støtte frå regnbogealliansen Rødt, SV, MDG, Venstre, Høgre, Frp og Pasientfokus.\n\n- Hyggeleg lunsjbesøk på Stortinget av gamal politikarkollega og ven Oddvin Hansen med sin franske sjef i Bel Nordic - godt å kunne ta imot folk igjen etter lang tid smittevern-nekt for denne type besøk.\n\nMykje meir kunne ha vore sagt og fortalt. Akkurat denne veka har tempoet vore til dels over grensa for det forsvarlege.. Men om helsa held: I morgon går turen til Stange på Hedmarken og i helga til Bergen. \n\nSå får vi krysse fingrane for at vi ikkje i løpet av dei neste dagane får ein storkrig på europeisk jord. Då bleiknar det meste vi elles driv med her heime i ein fredeleg norsk kvardag.

Postet:
2022-02-17 20:58:22

Delt innhold:
Bilete frå innlegget til Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre