Innlegg:
Russland sin invasjon av Ukraina er eit vegskilje for Europa. Venstre meiner Noreg kan og må gjere meir. No må vi bidra der vi kan. Og det er viktigare enn nokon gong at vi står saman på tvers av grenser, samarbeider endå tettare i NATO og Europa. \nLes meir i dette innlegget frå Venstre-leiar Guri Melby og meg om den lagnadstida vi no er inne i. \n\n
Postet:
2022-02-26 17:12:41
Delt innhold:
Ukraina: Noreg må bidra med alt vi kan
Norge må bistå Ukraina raskt og direkte med det som no trengst, anten det er snakk om nødhjelp, støtte til å avverje cyberangrep, eller sterkare etterretningssamarbeid. Noreg kan ikkje selje våpen til land i konflikt, men vi må umiddelbart gi økonomisk støtte til Ukraina.