Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Ein mørk dag for Europa. Ukraina og folket der må no få all tilgjengeleg hjelp og støtte. Putin sin angrepskrig og ravande galne ord-gyteri mot eit fredeleg naboland må møtast med beinharde sanksjonar og andre straffetiltak frå Noreg og resten av verda. \n\nFor uansett korleis du snur og vender på det, er Putin si historieforteljing om det «stor-russiske riket» falsk og farleg. Ukraina si historie er deira eiga. Ho er kompleks og mangefasettert, og sjølv vi her i Noreg er ein del av ho.\n\nI jula las eg den djupt fascinerande boka «Elvekonger» av av norsk-britiske arkeologen Cat Jarman, som reiser i vikingane sine fotspor frå utgravingar i England via Skandinavia, Østersjøen, vidare inn i dagens Russland og Ukraina heilt til Bagdad, Istanbul og India.\n\nCat Jarman stoppar mellom anna opp i dagens Ukraina, som den gong var hovudsete for rusarane – og ein stad der folk frå heile Europa og deler av Asia på 8- og 900-talet møttes, handla og levde i lag. Enno finn du skandinaviske viking-gravhaugar i Ukraina. Og dagens Ukraina var på 900-talet – med Jarman sine ord – «..en polyetnisk smeltedigel av grupper, skandinaver, slavere, khazarer og andre..», som våre eigne forfedre også var ein del av. Medan Moskva enno ikkje eksisterte..\n\nPutin er ein despot – som også den jamne russar lir under, og som no utset eit naboland for ufattelege lidingar. Det er i tider som desse vi ser kor viktig sterkt internasjonalt samarbeid mellom frie land er. Og kor viktig det er at Noreg i åra framover styrker, ikkje svekker banda i NATO og Europa. Europa må stå saman, og vi må stille endå sterkare opp for dei landa i Aust-Europa som no skjelv av frykt for kva neste trekk vil bli i Putins despot-regime.\n\nРазом нас багато. Saman er vi mange. No må det internasjonale samfunnet stå opp for Ukraina 🇺🇦💔

Postet:
2022-02-24 10:19:46