Innlegg:
Dette opne brevet til det norske folk frå litauisk-norske Viktorija Kostøl Amdam, busett i Stad kommune, er verdt å bruke nokre minutt på å lese. Ho set på ein sjeldant god måte Russlands brutale krig i Ukraina inn i ein større samanheng - og syner at Litauen, Ukraina og andre tidlegare sovjet-republikkar ikkje er "passive brikker" i eit stormaktspel. Nei, dei er sjølvstendige land og folk som aktivt har valt å søke mot Europa, EU og NATO fordi dei ønskjer fred, fridom og folkestyre framfor å bli del av Putins krigshissande, menneskefiendtlege diktatur. Difor er Ukrainas kamp også Litauens kamp - og vår kamp. Takk for at du skriv dette, Viktorija!\n
Postet:
2022-02-28 13:13:10