Innlegg:
Gratulerer med Kvinnedagen!\n\nVi lever ikkje i eit likestilt samfunn, og definitivt ikkje i ei likestilt verd. Kampen for kvinners rettar og likeverd må takast på alle nivå. Frå FN og internasjonal storpolitikk heilt ned til kvart einskild lokalsamfunn.\n\nEg er glad for å sjå at Kvinnedagen 2022 blir feira over heile landet med små og store arrangement og markeringar. Alle kan ikkje løftast fram her, men la meg nytte høvet til å trekke fram eitt verkeleg flott førebilete for korleis kvinnedagen kan markerast lokalt: Avisa Fjordenes Tidende i Måløy/Nordfjord, som i dag rett og slett gir ut ei spesialutgåve av avisa både på papir og nett, der menn må «tre til side» og kvinnene sine historier blir løfta fram. Herunder unge jenter som fortel korleis dei opplever sin kvardag i sitt lokalsamfunn. \n\nOg der sjefredaktøren har overlatt leiar-spalta til ein 17 år gammal kvinneleg knalltøff samfunnsdebattant, Amalie Fure, som skriv gnistrande godt om fordommar som må luftast ut, og kvinnekamp i eit internasjonalt perspektiv i ei verd i krig.\n\nVi godt vaksne menn kjem nok framleis innimellom til å klage over at det er litt synd på oss også, og at verda av og til går oss i mot. Men i den store samanhengen er det smårusk. Vi lever i eit samfunn med systematisk forskjellsbehandling – ofte umedvite – på grunn av kjønn. Av og til går det å vere kvinne rett og slett på livet laus - sjå berre på statistikken over drap og vald i nære relasjonar. \n\nSå til alle kvinner: Hald fana høgt – hald fram kampen, og så må eg og mange andre menn prøve å strekke oss endå litt lenger for å forstå, handle og gjere verda betre. For alle. Gratulerer med kvinnedagen!
Postet:
2022-03-08 14:48:10