Innlegg:
Det må bli enklare for folk å bestemme over sin eigen kvardag! \n\nDagens regelverk for å arbeide på heimekontor og "fjernarbeide" er håplaust utdatert, og ikkje tilpassa eit moderne arbeidsliv - slik mellom anna denne saka på NRK i dag syner, https://www.nrk.no/norge/hjemmekontor-i-utlandet_-advarer-om-nav-byrakratiet-1.15855108 \n\nEg har i dag levert inn følgande spørsmål til Arbeidsminister Hadia Tajik: "Vil regjeringa ta initiativ til å gjere reglane for å fjernarbeide frå heimekontor enklare og meir forståelege, slik at det blir lettare for folk å nytte dei høva ny teknologi og nye arbeidsformer gir til å ha ein friare og meir fleksibel kvardag?" \n\nSjå meir her https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Sporsmal/Skriftlige-sporsmal-og-svar/Skriftlig-sporsmal/?qid=88211
Postet:
2022-02-23 13:40:57
Delt innhold:
Hjemmekontor i utlandet: Advarer om NAV-byråkratiet
Hjemmekontor i utlandet kan føre til at man faller ut av folketrygden. NAV ber folk med utenlandsplaner om å ta kontakt i god tid.