Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
I natt har russiske væpna styrker rykka inn i Ukraina, etter ein tale frå Putin som er ei av dei mørkaste vi har høyrt frå ein politisk leiar i Europa sidan 1945. \n\nPutins ravgalne tale syner total mangel frå dagens russiske eineherskar på respekt for andre land og folk. I denne omgang er det Ukraina som er offeret. Neste gong kan det vere andre. \n\nSItuasjonen er særs alvorleg. NATO og Vesten må stå samla og gje full støtte til Ukraina. Russland sine overgrep mot eit fredeleg naboland må møtast med fordømming og raske, sterke sanksjonar. Noreg må stille opp med det vi kan for Ukraina i dagane og vekene som kjem - og også syne solidaritet med og stille opp for NATO-land i Aust-Europa og andre av Russland sine naboland. \n\nEg er glad for dei tydelege uttalane både Statsministeren og Utanriksministeren har kome med dei siste timane om alvoret i situasjonen vi no ser.

Postet:
2022-02-22 08:45:41

Delt innhold:
Ukraine crisis: Russia orders troops into eastern Ukraine
Moscow's move to recognise two separatist regions and send in soldiers has drawn wide condemnation.