Innlegg:
Vi er inne i ei uverkeleg tid – med brutal angrepskrig i eit fredeleg europeisk land som vil ta endå fleire liv i dagane framover, og drive millionar av menneske på flukt. Dei menneska på flukt skal også vi i Noreg ta godt imot, og vi skal hjelpe det tapre ukrainske folket på alle måtar vi kan til å kjempe for sitt eige land. \n\nOg når alt dette er over – så håpar og trur eg vi står att med eit meir samla Europa og ei samla verd – og litt mindre «navlebeskuande» debattar i Noreg om å låse oss inne og vere oss sjølv, framfor å koble oss saman med eit Europa vi ugjenkalleleg deler lagnad og framtid med. Alternativet til å henge saman er å bli hengt kvar for oss, som tidlegare statsminister Jan P. Syse ein gong sa det.\n\nDet er også ei spesiell kjensle å vere stortingsrepresentant i ei slik tid, med det djupe alvoret det medfører. Eg er glad for at vi no har fått rulla ut omfattande tiltak frå Noreg for å straffe det russiske regimet og hjelpe Ukraina: Inkludert våpenhjelp til ukrainarane for å verje eigne liv. Og det var ei utruleg sterk oppleving å vere i Stortinget i går og vere med på ståande applaus for den ukrainske ambassadøren frå Noregs nasjonalforsamling – ei symbolsk handling som aldri har vore gjort før i stortingssalen i manns minne.\n\nSå – midt opp i alt dette – rullar også kvardagen vidare. Denne veka har vore så tettpakka for min del at eg ikkje har fått rapportert så mykje undervegs (og heller ikkje fått tatt så mykje foto som eg brukar), så her kjem ein lynkjapp rapport over noko av det eg har gjort:\n\n* Helsingstale på årsmøtet til UWC Norge – fortelje om kvifor eg har nominert UWC-rørsla til fredsprisen – med Ukraina-krigen som eit ekstra aktuelt bakteppe\n\n* Fellesmøte mellom Sogn og Fjordane-benken på Stortinget og UWC Red Cross Nordic ved rektor Hege Myhre og Leonora Laukeland Kleiven – bli kjent-møte og diskusjon om korleis vi kan samarbeide om å gje skulen nødvendig løft i åra framover\n\n* Innspelshøyring om Venstres forslag om gründervisum og ny politikk for å gjere det lettare for grunderar, investerorar og arbeidstakarar frå land utanfor EØS-området å kome til Noreg – i samarbeid med IKT-Norge, og med fantastisk mobilisering og deltaking frå eit samla Startup-Norge, Abelia, SMB-Norge m fl. Dette er ei sak som eg er oppriktig stolt over at Venstre no løftar opp - og ekstra artig at benkekollega Olve Grotle (Høgre) har blitt saksordførar. Klarer vi ikkje å bli eit land som er flinkare å legge til rette for at folk utanfrå med kompetanse og talent er velkomne hit, er det kritisk for framtidig verdiskaping og alle fromme ønske om å bygge nytt næringsliv.\n\n* Felles «benkemøte» for Vestland (Hordaland- og Sogn og Fjordane-benkane) med Maritime Bergen – ei flott fagleg oppdatering om status og prioriterte saker for det maritime Vestlandet - og ei triveleg stund i lag etterpå for å gjere det vi har gjort altfor lite av så langt: Bli kjent på tvers og drøse i lag i ei meir uformell ramme.\n\n* Utarbeidd og levert inn Dokument 8-framlegg frå Venstre om ytterlegare tiltak Noreg kan gjere for å bistå Ukraina – mellom anna framlegg om å stenge russiske skip ute av norske hamner, og ytterlegare pengehjelp til Ukraina for å kunne forsvare seg mot den russiske angrepskrigen\n\n* Møte med Cod Cluster og Norges Kystfiskarlag om korleis vi kan få meir verdiskaping og fleire heilårsarbeidsplassar i kvitfiskindustrien, med Frp som vetskap (dette temaet skal eg kome tilbake til: Ein av dei største positive overraskingane for meg med livet i «Stortings-bobla» er kor mykje «tverrpolitiske» arrangement som blir stelt i stand/fasilitert av ulike stortingsrepresentantar og partigrupper om ulike tema, der det einaste problemet er at ein berre rekk over ein ørliten bit av alt spennande ein blir invitert til..)\n\n* Møte med Finnmarksløpet, eitt av verdas lengste og tøffaste hundeløp, i regi av Alta Venstre – aktuell sak i Næringskomiteen\n\n* Panel-deltakar i webinar om Gentesting som billetten til livreddande kreftbehandling – i regi av Kreftforeningen og e-Helse i Norge (EHIN). Venstre har levert inn forslag i Stortinget om ei opptrapping av satsinga på helsenæringa – Noreg er i dag altfor seine og passive i å ta i bruk ny helseteknologi som både kan redde liv og skape ei ny, stor eksportnæring.\n\n* Innspelsmøte i regi av Venstres stortingsgruppe om korleis vi best kan legge til rette for framtidas meir fleksible arbeidsliv – der det er mulig for folk å bu og jobbe over heile landet og ikkje ver «fysisk bunden» til eit stort hovudkontor: Heimekontor, remote-jobbing, nye lokale arbeidsfellesskap etc. Ola Elvestuen og eg var vertskap på vegne av Venstres stortingsgruppe, og fekk fantastisk respons frå folk og organisasjonar som brenn for temaet og har kloke råd og innspel om korleis vi gjer dette i praksis: Akademikerne, Tekna, Juristforbundet, Samfunnsviterne, Revisorforbundet, Finansforbundet, Journalistlaget m fl.\n\n* Interpellasjonsdebattar i Stortinget om Noreg sitt tilhøve til Europa (løfta av Venstre) og om auka kapasitet på profesjonsutdanningar i helsesektoren over heile landet (løfta av Senterpartiet) \n\nOg masse meir har skjedd også – ein del kan ein også lese i media, og andre ting har eg her hoppa over fordi det held på å bli fredagskveld og eg omsider er heime på Bjørlo.. Men ein liten vekerapport er betre enn ingen: God helg til alle!
Postet:
2022-03-04 20:11:33