Beta
Søket ga 308 treff.
Olve Grotle
2023-01-06 17:34:04

Bravo👏👏👏 Dimeq AS frå Bremanger med sitt alarm- og detektsystem til sjøs, og Havkraft frå Måløy med sitt bølgjekraftverk, kan bli pilotar i 30 atlanterhamner. Imponerande👍\n\nDei er nemleg begge kvalifisert til å bli med ein pool av oppstartsselskap som skal pilotutviklast i eit program i regi av The Atlantic Smart Ports Blue Acceleration Network (AspBAN). \n\nI løpet av ei veke i Lisboa vil dei to lokale – og internasjonale (!) – selskapa få tilgang til møte med 142 strategiske partnarar i atlanterhavs-hamner, både frå investor- og kundesida.\n\nVi har mange spennande og innovative grunder- og oppstartsbedrifter i Sogn og Fjordane, og...

Olve Grotle
2023-01-05 17:17:45

Tidlegare fiskeriminister og Senterparti-topp Lars Peder Brekk, er klar og tydeleg om lakseskatten:\n\n👎 Samlet skattenivå næringa nå står overfor, er en trussel mot havbruksnæringa.\n\n👎 Høringsforslaget avdekker manglende kunnskap om og forståelse av verdikjeden næringen består av.\n\n👎 Både den foreslåtte innretning på og nivået på grunnrenteskatten vil føre til alvorlige og negative konsekvenser for næringen og kystens næringsliv.\n\n👎 Det er en kortslutning å kopiere en grunnrenteløsning for olje og vannkraft. Dette er næringer som i sin karakter og omfang ikke kan sammenlignes med havbruk. \n\n👎 Grunnrenteforslaget er for dårlig utredet. Utredningsinstruksen synes ikke å være fulgt. \n\n👎 Behandling og gjennomføring av...

Olve Grotle
2023-01-05 14:55:12

NHO sin årskonferanse, leia av Anne Rokkan og Torbjørn Røe Isaksen. Eit allsidig program, der det gjennomgåande temaet var uro i ei uroleg tid. \n\nFørst ute var NATO-sjef Jens Stoltenberg. Tydeleg og klar om Putin sin angrepskrig i Ukraina, og den stadig meir utfordrande geopolitiske sitasjonen. \n\nRobert Habeck, Tysklands visekansler, og klima- og næringsminister, snakka om energi, og feila Tyskland gjorde med å gjere seg avhengig av russisk gass. Vidare kor viktig Norge nå eg for forsyning av gass og olje til Europa. \n\nEi viktig sak på konferansen var at næringslivet vårt må få høve til å skape verdiar og...

Olve Grotle
2023-01-04 17:43:29

“Vest i Øst” er NHO Vestland og Vestland fylkeskommune sitt årlege arrangement kvelden før NHO sin årskonferanse i morgon. I kveld er det sjølvsagt særleg fokus på Vestlandet. Eg blei sittande ved sida av denne hyggelege karen😊 Du ser vel forresten kvar det store bildet er tatt?🙌

Olve Grotle
2022-12-31 09:31:12

Året 2022 gav mange gleder, men òg sorger og bekymringar for mange. Både her i landet, men mest av alt i Ukraina. La oss håpe 2023 blir eit bedre år for alle dei som slit og har det vanskeleg🙏 \n\nEit riktig godt nytt år til alle🤗🍾🥂✨

Olve Grotle
2022-12-30 18:35:25

I dag har Finansavisen ein artikkel om Knutholmen i Kalvåg i Bremanger kommune. Kysthotellet, som avisa kallar det, har vore eigd av familien Fosse i tre generasjonar. Sjølv kallar dei det eit familiedrive hotell der heile familien har bidrege til å byggje opp ein plass som tek vare på kystkulturen og kysthistoria🤗🙌\n\nEg har følgt med Svein Inge Fosse & Co heilt sidan eg sjølv hadde sommarjobb med å pusse opp den første forretninga hans på midten av 1980-talet. Det som har hendt i Kalvåg dei siste 30 åra er rett og slett eit eventyr. Nå er det sonen, Jan Fredrik...

Olve Grotle
2022-12-30 13:08:29

Som varsla foreslår havbruksnæringa nå ein grunnrenteskatt bygd på Færøyane-modellen, som dei meiner er bedre for næringa. Den vil gi like store skatteinntekter som regjeringa har sagt sitt forslag vil gi, omlag 3,6-3,9 mrd. Regjeringa nektar likevel å vurdere den!

Olve Grotle
2022-12-29 19:51:59

Vestlandrevyen om nullvisjonen til sjøs, og Dimeq AS sitt alarm-og detektsystem ved fall i sjøen og ulykker om bord🛟\n \nTrass den store innsatsen fiskarane og næringa sjølv har gjort for å førebygge ulykker og dødsfall i fiskerinæringa, misser likevel i snitt 5-6 fiskarar livet kvart år. Det gjer fiskaryrket til det farlegaste vi har.\n \nSlik kan vi ikkje ha det. Derfor har Stortinget vedtatt nullvisjonen. Dimeq kjem med eit av mange nødvendige og viktige bidrag for å lykkast🤗👏👏👏

Olve Grotle
2022-12-28 16:15:34

Artig! Sjå Vestlandsrevyen i kveld. Då Høgre foreslo ein nullvisjon for skadde og døde på havet, arbeidde eit selskap i Bremanger med eit alarmsystem til sjøs. Stortinget vedtok nullvisjon-forslaget samrøystes, og nå har Dimeq AS òg fått sving på sakene sine🛟\n\nI går var eg på ein presentasjon av Dimeq sitt system, og det var både interessant, imponerande og kjekt. Det er ringnotbåten «Vestfart» som har hatt systemet montert det siste halvåret, og gitt Dimeq god og nødvendig brukserfaring med systemet.\n\nForutan test av brannalarmen, måtte vi òg få ein test av systemet ved «mann over bord». Alt gjekk sjølvsagt føre seg...

Olve Grotle
2022-12-20 16:45:57

Juleferie snart, og eg har tatt det tradisjonelle bilde framfor juletreet i Vandrehallen🎄\n\nDet har vore eit kjekt, lærerikt og interessant år. Eg er heldig som får arbeide med positive og meiningsfulle saker😊 Stor takk til alle som følger meg, og som gir meg tilbakemeldingar på det eg held på med💐👏👏👏\n\nEg ønskjer alle ei fredfull og god jul🎅🏻🎄✨

Olve Grotle
2022-12-20 11:39:01

Høgre får rekordstore 35,6% på målinga i Vårt Land🤩 Samtidig meiner avisa at Høgre er den nye folkerørsla🧢\n\nhttps://www.vl.no/meninger/kommentar/2022/12/20/hogre-er-den-nye-folkerorsla/

Olve Grotle
2022-12-19 19:44:59

I dag hadde næringskomiteen sin budsjett-debattdag. Ein gjengangar i mine innlegg var kor viktig næringslivet er for aktivitet, vekst og utvikling i ein typisk distriktsregion som Sogn og Fjordane😊

Olve Grotle
2022-12-14 12:54:50

Julepynta fiskerimøte på Gardermoen i dag🎄Stiftingsmøte for Fiskarlaget Nord, med påfølgande debatt😊

Olve Grotle
2022-12-13 19:48:12

32,8 % i VG💙 Vi set visst stille i båten, blir det hevda. Derfor dei gode meinings-målingane.\n \nVel. Dei siste to dagane på Stortinget har vore prega av regjeringa sin ideologiske kamp mot dei som arbeider i private helsebedrifter og i bemanningsbyrå.\n\nHøgre har saman med andre parti fånyttes peika på konsekvensane av ein slik politikk: \n\n👎 Bortfall av viktig og kanskje det einaste helsetilbodet for mange, bortfall av mangfald og alternative behandlingsstader, auke av behandlingskøar, og undergraving av det viktige offentlege/private samarbeidet som har vist seg å vere så bra. \n\n👎 Vedtak bygt på stereotypisk og uriktig bilde av bemanningsselskapa,...

Olve Grotle
2022-12-12 17:51:37

I dag gjer regjeringa det vanskelegare for folk å skaffe seg jobb, og vanskelegare for bedriftene å skaffe seg arbeidskraft.\n \nInnstramming i innleige-reglane vil kunne få konsekvensar for dei 250 000 enkelt-menneske som står utan arbeid. Berre i fjor hjelpte bemanningsbransjen 75 000 personar å få ein fot innanfor arbeidslivet, ifølge NHO. Og Manpower seier at 40% av dei som fekk arbeid via dei, fekk tilbod om fast arbeid hos det selskapet som leigde dei inn.\n\nHeile og faste stillingar skal sjølvsagt vere normalen i Norge. Men for nokre er bemanningsbransjen første steget inn i ny jobb. Konsekvensen av det som...

Olve Grotle
2022-12-10 10:14:07

God formiddag💙

Olve Grotle
2022-12-08 16:49:49

På Stortinget i dag har eg snakka om Odin, som har cerebral parese og som ikkje kunne gå som treåring. Historia blei fortalt i Firdaposten i november, og gjorde eit sterkt inntrykk. \n\nPå grunn av ein operasjon i USA og intensiv spesialbehandling frå den private stiftinga Barnas Fysioterapisenter i Bergen, kan han nå gå og gjere mange kvardagslege ting. \n\nMålet er at Odin kan leve eit mest mogleg sjølvstendig og godt liv, og vere aktiv på fritida. Skal det vere mulig må han ha oppfølging og treningsopphald hos Barnas Fysioterapisenter, som er dei einaste som kan gi Odin eit fullverdig...

Olve Grotle
2022-12-06 17:03:16

Bergensdag😊 Møte og debatt i regi av Bergen Næringsråd. Tema: havbruk og lakseskatt. Møtte på fleire partivenner og bergenspatriotar, som sjølvsagt ville ta bilde med statsminister Christian Michelsen i bakgrunnen🙌

Olve Grotle
2022-12-05 18:55:15

I dag er det den internasjonal dagen for å feire alle frivillige🍾🎂💥\n \nDei som står på natt og dag, heile året, utan anna betaling enn gleda av å få vere med på noko som er større ein dei sjølve. Dei frivillige er ein av berebjelkane i landet vårt, og truleg vil dei frivillige bli viktigare og viktigare for oss. Stor takk til alle dei som stiller opp for samfunnet, og kvarandre💐👏👏👏\n \nKva gjer så eit bilde av hotelldirektøren hos Scandic Sunnfjord Hotel & SPÅ her då, tenkjer du kanskje. Det skal eg fortelje deg. Når eg av og til tenkjer...

Olve Grotle
2022-12-03 15:54:28

Inntektene ved auksjon av opprettskonsesjonar i haust blei redusert med ca 5 mrd pga lakseskatten, og havbrukskommuar har dermed gått glipp av milliardbeløp. Regjeringa blei pressa til å overføre 800 millionar til Havbruksfondet, midlar som elles kunne gått til helse, vegar og andre gode formål. \n\nKommunane set likevel igjen med store tap, og Senterparti-ordførar Tom Rune Eliseussen har til dømes overfor NRK påvist at Senja kommune framleis manglar 38 millionar kroner.\n\nNedgang i inntekter til havbrukskommunar kan ikkje omtalast som "milliondryss" til dei same kommunane.

Laster...
Laster...