Person / Aktør:
Olve Grotle
Olve Grotle
Parti: H

Innlegg:
På Stortinget i dag har eg snakka om Odin, som har cerebral parese og som ikkje kunne gå som treåring. Historia blei fortalt i Firdaposten i november, og gjorde eit sterkt inntrykk. \n\nPå grunn av ein operasjon i USA og intensiv spesialbehandling frå den private stiftinga Barnas Fysioterapisenter i Bergen, kan han nå gå og gjere mange kvardagslege ting. \n\nMålet er at Odin kan leve eit mest mogleg sjølvstendig og godt liv, og vere aktiv på fritida. Skal det vere mulig må han ha oppfølging og treningsopphald hos Barnas Fysioterapisenter, som er dei einaste som kan gi Odin eit fullverdig tilbod. \n\nPå grunn av regjeringa sin iver etter å legge ned «Fritt behandlingsval», står dette tilbodet nå i fare. Slik mange andre private tilbod også nå står i fare for å bli nedlagt, særleg innan rus og psykiatri. \n\nDebatten i dag viste dessverre det vi har sett før: Det er ideologi og skepsis til det som ikkje er offentleg som styrer alt hos regjeringa, og som gjer at den altså kan få seg til å vrake gode og velfungerande ordningar som det offentlege har betalt for. \n\nNå blir det berre dei som kan betale slik behandling av eiga lommebok som skal kunne nytte dei private tilboda som blir igjen. Enkelmenneske blir små i eit slikt spel, for her er det systema framfor menneska som gjeld.

Postet:
2022-12-08 16:49:49