Person / Aktør:
Olve Grotle
Olve Grotle
Parti: H

Innlegg:
Bravo👏👏👏 Dimeq AS frå Bremanger med sitt alarm- og detektsystem til sjøs, og Havkraft frå Måløy med sitt bølgjekraftverk, kan bli pilotar i 30 atlanterhamner. Imponerande👍\n\nDei er nemleg begge kvalifisert til å bli med ein pool av oppstartsselskap som skal pilotutviklast i eit program i regi av The Atlantic Smart Ports Blue Acceleration Network (AspBAN). \n\nI løpet av ei veke i Lisboa vil dei to lokale – og internasjonale (!) – selskapa få tilgang til møte med 142 strategiske partnarar i atlanterhavs-hamner, både frå investor- og kundesida.\n\nVi har mange spennande og innovative grunder- og oppstartsbedrifter i Sogn og Fjordane, og veldig kjekt å sjå at dei lykkast💐

Postet:
2023-01-06 17:34:04

Delt innhold:
Internasjonal produktkonkurranse kan åpne store markeder for norske gründere |
Både Dimeq og Havkraft kjemper om å få produktene sine utviklet som piloter i 30 atlanterhavshavner.