Person / Aktør:
Olve Grotle
Olve Grotle
Parti: H

Innlegg:
32,8 % i VG💙 Vi set visst stille i båten, blir det hevda. Derfor dei gode meinings-målingane.\n \nVel. Dei siste to dagane på Stortinget har vore prega av regjeringa sin ideologiske kamp mot dei som arbeider i private helsebedrifter og i bemanningsbyrå.\n\nHøgre har saman med andre parti fånyttes peika på konsekvensane av ein slik politikk: \n\n👎 Bortfall av viktig og kanskje det einaste helsetilbodet for mange, bortfall av mangfald og alternative behandlingsstader, auke av behandlingskøar, og undergraving av det viktige offentlege/private samarbeidet som har vist seg å vere så bra. \n\n👎 Vedtak bygt på stereotypisk og uriktig bilde av bemanningsselskapa, ignorering av at desse gir ein veg inn i arbeidslivet for svært mange, og ikkje minst; manglande forståing og interesse for næringslivet vårt. \n\nDet siste pregar òg den distrikts- og næringsfiendtlege lakseskatten, og som ti-tals kyst-ordførarar frå regjeringspartia så langt har protestert fånyttes mot. Dei vil rett og slett ikkje finne seg i at kapital, ressursar og aktivitet blir tatt bort frå lokalsamfunna sine.\n \nDet er sjølvsagt mange grunnar til gode og dårlege meiningsmålingar, men å meine at langvarige galupp-trendar ikkje har med politikken som blir ført å gjere, har eg lite tru på😊

Postet:
2022-12-13 19:48:12

Delt innhold: