Først distriktsdebatt i Stortinget, kor eg snakka om utfordringa Bremanger og andre distriktskommunar har med statsforvalter og fylkeskommune. \n\nSå dax18 om utfordringane den dårleg utforma lakseskatten har, og at prisrådet nå er utsett med eit halv år. Meir kaos, og unødvendig tid- og ressursbruk for både havbruket og det offentlege.
Då er finansdebatten snart over, og vi er klar til votering. Debatten har vart i over 12 timar, og med mange, mange innlegg.\n \nEg har snakka om Hauglandsenteret i Flekke som nå får ei samla nedgang på døgnplassar med nesten 30%, mellom anna pga regjeringa sin store og veksande motvilje mot ideelle og private aktørar. Dette innlegget følger heilt til slutt her. \n \nSå har eg òg sagt at Høgre i sitt alternative budsjett fjernar den ekstraordinære arbeidsgivaravgifta (kompetanseskatten), men som regjeringa - trass forsikringar om det motsette - lar stå. Vi startar vi også på reduksjonen av skatten på...
Kjekk og interessant arbeidsveke😊\n \nFlekke/Førde på måndag: UWC og Hauglandsenteret, med fleire saker å følgje opp. NRK debatt om politikontor som står tomme, og at SP vil opprette mange fleire. Årsmøte i Sunnfjord Høgre, kyndig leia av ein florøværing.\n\nOslo på tysdag: Stortingsmøte med fleire innlegg med fokus på handelspolitikk, toll på norsk sjømat, og mineralnæringa.\n\nFørde på onsdag: 60 års jubileum for Norec. Særleg fokus på at flyttinga og etableringa i Førde har gått bra. Imponerande gjeng med dyktige og entusiastiske medarbeiarar.\n\nOslo på torsdag: Stortingsmøte med fleire innlegg med fokus på fiskehelse, overfiske i Oslofjorden, norskregistrerte skip og norsk romforskning og...
Det skjer i Florø🔋💪🚤\n\nEg har tidlegare litt humoristisk kalla Leif A. \nStavøstrand for kystbyens svar på Elon Musk, og før helga besøkte kollega Alfred Bjørlo og eg bedrifta i den nye lokala sine. \n\nHer blei vi møtt av oppglødde og entusiastiske Evoy-folk + Kinn-ordfører Bengt Solheim-Olsen, Jacob Nødseth og fleire.\n\nSå blei det omvisning, med gode forsøk frå Leif A. Stavøstrand på å forklare litt inngåande om sjølve teknologien som ligg bak, truleg med litt blanda hell😉 Derimot var alle med på notane når vi blei lost gjennom det eventyret Evoy er i ferd med i bli, og ikkje minst når...
Aktiv og kjekk veke på Stortinget med innlegg og møter😊\n\nPå talerstolen gjekk det også føre seg med innlegg om Høgre sitt gjennomslag for lade-infrastruktur for elbåtar og maritim sektor, spørjetimespørsmål til finansministeren om manglande avklaring på prisråd for havbruksnæringa, og innlegg i Alfred Bjørlo sin interpellasjon (debatt) om regjeringa sin (manglande) politikk for norsk eigarskap til næringslivet.\n \nI saka om norsk eigarskap til næringslivet, måtte eg rett og slett arrestere næringsministeren sin påstand om at formueskatten ikkje er høgre nå enn for 10 år sidan. Innlegget mitt er tatt inn lenger nede.\n\nSaka om norsk eigarskap blei forresten fulgt av Aksjon...
Bremanger blir hindra å få utnytta dei naturlege fortrinna sine, og blir frårøva sjansen til å få folk til å etablere seg, anten det er som næringsdrivande, fastbuande eller fritids-buande😥\n\nBremanger slit med folketalsutviklinga, og det kan veldig krevjande på sikt. Då må Bremanger og andre distriktskommunar få ta i bruk attraktiviteten og fortrinna sine💪
Bergensdag og Grieghallen, så Skjerjehamn i Gulen med desse fine folka her💙\n\nSom de ser møtte det så mange på Høgre-møtet at det var så vidt det blei plass til meg på bildet😊
EU-toll på norsk sjømat tar frå oss arbeidsplassar og aktivitet i Distrikts-Norge!\n \nRegjeringa seier den vil arbeide at norsk sjømat til EU skal få redusert toll, men vil ikkje prioritere det. \n\nI staden styrker den tollvernet på landbruksprodukter, noko som i følgje NUPI-forsker Arne Melchior, Fiskarlaget og mange andre vil føre til at EU ikkje vil akseptere lågare toll på norsk fisk. \n \nNorge eksportert i fjor over 850 000 tonn fersk/fryst laks til EU, mens det av røykt laks berre blei eksportert 586 tonn. Ein viktig grunn til dette er at røykt laks har ein toll på 13%, mot...
Bjørn Lødemel i Sogn og Fjordane Næringsråd passar på at stortingsrepresentantane følgjer opp sakene næringslivet er opptatt av. Takk for besøket!
Fokus 23 - Høgre si folkevaltopplæring💙\n\nSlik såg 100 høgreordførarar + mange, mange varaordførar, gruppeleiarar og andre ut då eg skulle halde mitt foredrag😊👏👏👏\n\nGlade og optimistiske, og full av energi til å arbeide med viktig og kjekk lokalpolitikk💙
Trønder-tour med Næringskomiteen😊 NTNU, Sintef, Mineraldirektoratet, Norges Fisksrlag, Øyna kulturlandskapshotell, Mære landbruksskole, Steinkjer og InnoCamp m.m. \n\nTrøndelag er eit kraftsenter for teknologi og energi, sjømat, landbruks og mykje, mykje meir💪\n \nI Steinkjer finn ein òg ein parallell til Norec i Førde. Solberg-regjeringa flytta ut ein del av Landbruksdirektoratet til bygdenes by, og det har òg blitt ein suksess. Når arbeider det nærmare 50 personar i direktoratet i Steinkjer, eit fleirtal kvinner og mange med ulike og allsidig utdanning. Bildet frå direktoratet viser leiaren i Steinkjer, med det sunnfjordske namnet Trond Svanø Hafstad😊\n \nDet er synd at Støre-regjeringa ikkje interesserer seg...
Tre dagar i Trøndelag denne veka. Starta med landsmøte i Norges Fiskarlag i dag, komitereise i morgon og fredag😊
Bergen og Vågen sett frå Norges Sildesalslag sine lokale🙌 Hyggelege og gode samtaler med den nye direktøren, Jonny Berfjord 😊
Bergen. Årsmøte Sør-Norges Fiskarlag. Mange tema med fokus på å sikre, forvalte og utvikle fiskeria våre.\n\nI 2021 landa fiskeflåten 2,59 millionar tonn fisk og skaldyr til ein førstehandsverdi til ca 24 mrd. \n\nFiskeria skaper enorme verdiar, arbeidsplassar, aktivitet og vekst, og er livsgrunnlaget for mange samfunn langs kysten vår.
Gratulerer som kommunal- og distriktsminister, Erling Sande💐👏👏👏\n \nI dag er det på sin plass å ønske Erling lykke til som ny kommunal- og distriksminister. Glopparen – som opphavleg er frå Davik i Bremanger – brenn for distrikta, og eg er sikker på han kjem til å legge ned ein stor innsats i det nye vervet sitt. \n\nSjølv om vi har ulikt syn på fleire politiske spørsmål, delar vi òg synspunkt på mange område, og eg ser fram til eit godt og konstruktivt samarbeid med den nye statsråden.\n\nGratulerer òg til Aleksander Øren Heen som fast møtande stortingsrepresentant, og velkommen på stortingsbenken...
Reise med Næringskomiteen hos Borregaard fabrikkanlegg i Sarpsborg. Over 800 tilsette produserer 800 ulike produkt. Over 20 (!) fabrikkar/anlegg, som alle blir styrt frå eit kontrollrom💪\n\nGlad i vanilje-is🍦eller noko anna med vaniljesmak eller lukt? Då kan det godt hende det kjem frå Borregaard, som utvinn det frå tømmer🪵
Starta dagen med denne nordfjordingen på politikar-pich for gründerar hos Virke. Stats-budsjett, næringspolitikk og gründerpolitikk😊
Slik ser det ut når eg er i studioet til NRK og snakkar om regjeringa sitt framlegg til statsbudsjettet. Sjølv om eg smiler, etterlyser eg ei regjering som peikar ut ein stø kurs der vi kan tette det generasjonsgapet som er i ferd med oppstå, kor dei unge blir taparane. Vidare at det svarar på framtida sine utfordringar. Det gjer ikkje statsbudsjettet. I staden er det eit budsjett for gårsdagen. \n\nEtter meg kom leiaren i Musea i Sogn og Fjordane, Jan Heggheim som er skikkeleg misnøgd med budsjettet😡 Etterpå kom Vestlandsrevyen, og ville høyre meir frå Heggheim🎥
Då er trontaledebatten godt i gang. To dagar med innlegg og replikkar frå morgon til kveld, der dei fleste politiske tema blir debattert😊