Person / Aktør:
Olve Grotle
Olve Grotle
Parti: H

Innlegg:
Artig! Sjå Vestlandsrevyen i kveld. Då Høgre foreslo ein nullvisjon for skadde og døde på havet, arbeidde eit selskap i Bremanger med eit alarmsystem til sjøs. Stortinget vedtok nullvisjon-forslaget samrøystes, og nå har Dimeq AS òg fått sving på sakene sine🛟\n\nI går var eg på ein presentasjon av Dimeq sitt system, og det var både interessant, imponerande og kjekt. Det er ringnotbåten «Vestfart» som har hatt systemet montert det siste halvåret, og gitt Dimeq god og nødvendig brukserfaring med systemet.\n\nForutan test av brannalarmen, måtte vi òg få ein test av systemet ved «mann over bord». Alt gjekk sjølvsagt føre seg på ein trygg og sikker måte. NRK Vestlandsrevyen var òg med på presentasjonen, og innslaget kjem truleg i kveld.\n\nDimeq har utvikla eit sanntid posisjonerings-system til å detektere og lokalisere mannskap som detter over bord eller er i ein nødsituasjon om bord. Teknologien er bygd inn i eit armband som mannskapet har på seg døgnet rundt, og kommuniserer med server og sensorar som blir installert rundt båten. Systemet viser berre posisjon i sanntid når det er nødsituasjon.\n\nSystemet vil vere eit av fleire ting som vil kunne føre til færre skadde og døde på havet, slik formålet med nullvisjonen er. Ein slik visjon krev eit langsiktig, systematisk og målretta arbeid av alle aktørar som påverkar tryggleiken til sjøs, og vil knyte seg til mange ting. Døme kan vere meir sjøsikre båtar, tryggleiksutstyr, navigasjonssystem, redningstenester, godt sjømannskap, og fokus på tryggleik⚓️🤗

Postet:
2022-12-28 16:15:34

Delt innhold:
Photos from Olve Grotle's post